Det er tilstanden ved den enkelte musikk- og kulturskole per 1. oktober som skal danne grunnlaget for utfyllinga.
Adresser på dei einingar som ligg i Nasjonalt Skoleregister (http://nsr.udir.no/) vil automatisk bli henta inn i GSI. Det er derfor ikkje mogleg å endre adressedata direkte i skjema. Dersom adressedata skal endrast, må det sendast ei melding til SSB om dette. Det gjer du ved å klikke på knappen "Adresse" i toppen av skjema. Då vil det komme opp eit skjema der ein skriv på endringane og klikker Send. Dermed vil SSB oppdatere Virksomhets- og foretaksregisteret og Enhetsregisteret i Brønnøysund. Deretter blir data overførte til NSR, og neste dag vil GSI hente data frå NSR. Data skal då vere oppdaterte i GSI.
Einingar som driftar eit interkommunalt samarbeid, skal under "Driftsform" velje "Drifter interkommunal teneste". Dersom ein annan kommune driftar det interkommunale samarbeidet, skal kommunen velje "Deltek i interkommunal teneste".
Dersom en kommune deltek i eit interkommunalt samarbeid som blir drifta av ein annen kommune, men likevel bidreg med årstimar/årsverk inn i samarbeidet, skal det førast på den kommunen som driftar samarbeidet.
Kjøp av plassar frå private aktørar kan registrerast i Generelt-ramma
Ein elev på kulturskolen er definert som ein som får eit fast tilbod i eit semester eller lenger. Personar som deltek på kortare prosjekt/kurs, skal ikkje registrerast som elevar her. Det skal heller ikkje førast personar som er i kontakt med kulturskolen gjennom ein annan institusjon (for eksempel skole, SFO, korps og liknande).
Einingar som driftar interkommunal teneste, skal i linje 1-10 føre alle elevar frå eigen kommune, og elevar frå andre kommunar. Elevar frå andre kommunar skal i tillegg førast i A11 eller A12.
Kulturskoleelevar er barn, unge eller vaksne som får opplæring innafor kjerneverksemda til kulturskolen. Ein kulturskoleelev kan ha fleire elevplassar, men skal i linje 1..3 registrerast berre éin gong.
Med elevar på venteliste til skolen meiner ein personar som har søkt om plass ved skolen, og som på andre måtar fyller vilkåra for å bli tekne opp som elev ved skolen, men som skolen ikkje har kapasitet til å gi undervisning. Som resten av GSI er teljedato for ventelister også 01.10. Elevar som allereie får eit tilbod ved skolen, men som søkjer om fleire eller ein annan type elevplass, skal ikkje reknast med her.
Elevtal og venteliste for elevar som deltek/står på venteliste for å delta på kurs som varer i eitt semester eller lenger. Ein kulturskoleelev kan ha fleire elevplassar, men skal i linje 1..3 registrerast berre ein gong.Med elevar på venteliste til kulturskolen meiner ein personar som har søkt om plass ved kulturskolen, og som på andre måtar fyller vilkåra for å bli teken opp som elev ved skolen, men som kulturskolen ikkje har kapasitet til å gje undervisning. Som resten av GSI er teljedato for ventelister også 1. oktober. Elevar som allereie får eit tilbod ved kulturskolen, men som søkjer om fleire plassar eller ein annan type elevplass, skal ikkje reknast med her.
Her fører ein talet på elevplassar på kurs som varer i eitt semester eller lenger, altså elevar som er førte i linje 1..3. Totalsummen i linje 11 kan avvike frå linje 4 da nokre elevar kan ha fleire plassar. Elevar som er førte i linje 14, skal ikkje førast her.
Med venteliste til elevplass meiner ein talet på søkjarar på ein elevplass, som elles oppfyller vilkåra for å få plass, men som skolen ikkje har kapasitet til å tilby den ønskte elevplassen. Som resten av GSI er teljedato for ventelister også 1. oktober. Elevar som får undervisning ved skolen, men som ønskjer eit anna tilbod, og søkjarar til skolen som ikkje har fått nokon elevplass, skal førast her.
Dersom eleven har søkt to aktivitetar og står på venteliste på begge, skal det førast som to plassar. Dersom eleven har fått ein av plassane, skal det førast som venteliste på éin plass. Dersom ein elev har søkt om fleire enn to plassar, skal maksimalt to av desse førast på venteliste.
Elevplassar til undervisning i musikk og instrumentundervisning.
Elevplassar til undervisning i visuelle kunstfag.
Elevplassar til undervisning i teater og drama.
Elevplassar til undervisning i dans.
Elevplassar som er knytte til tilbod som ikkje kan plasserast i kategoriane over.
Her fører ein elevar på kulturskolen som er oppførte tidlegare i ramme A, men som er busette i ein annan kommune som ikkje deltek i interkommunalt samarbeid. Dersom kommunane samarbeider om kulturskular, skal elevane til kommunane førast under "Elevar frå andre kommunar som deltek i interkommunalt samarbeid".
Her fører ein opp skolepengesats for heile skoleåret basert på sats pr 1. oktober, utan nokon form for moderasjon eller friplassordning.
Materialkostnadar og instrumentleige skal ikkje takast med i satsen.
Her skal det opplysast om det er vedteke å ha inntektsgraderte satsar.
Her skal det opplysast om det er vedteke å ha friplassar.
Her skal det opplysast om det er vedteke å ha syskenmoderasjon.
Her fører ein timetalet til verksemd retta mot elevane på kulturskolen.
Viss skolen gir undervisning til blanda grupper med elevar under grunnskolealder, elevar i grunnskolealder eller elevar over grunnskolealder, fordeler ein årstimane i dei tre kolonnane relativt til talet på elevar frå kvar aldersgruppe.
Alle årstimane skal registrerast i 60 minutts einingar.
Årstimar til musikk- og instrumentundervisning.
Årstimar til undervisning i visuelle kunstfag.
Årstimar til undervisning i teater og drama.
Årstimar til undervisning i dans.
Årstimar som er knytte til tilbod som ikkje kan plasserast i kategoriane over.
Her fører ein årstimar som blir brukte til akkompagnering, arrangering, inspisientar, regissørar, produsentar, fagleg utviklingsarbeid og anna verksemd retta mot elevane på kulturskolen.
Her fører ein tiltak innanfor barnehage, grunnskole og vidaregåande opplæring og timar til dirigering og instruering av grupper med elevar der kor, korps, orkester og andre lag/foreiningar delvis kjøper eller får timar av kulturskolen.
Her fører ein kjøp av kulturskolen sine tenester frå andre som fullt og heilt blir betalte av andre
«Årsverk» skal teljast i stillingsprosent. Eitt årsverk er 100 prosent. For eksempel vil ein rektor som har 50 prosent undervisning, registrerast 50 prosent på rektor og 50 prosent på undervisning.
Dersom ein lærar underviser ved fleire skolar, skal skolen berre føre opp den delen av årsverket som blir utført ved sin skole. Ein lærar i full stilling som underviser 40 prosent ved skole A og 60 prosent ved skole B, skal registrerast med 40 prosent ved skole A og 60 prosent ved skole B. Dersom læraren har halv stilling, skal ein registrere 20 prosent ved skole A og 30 prosent ved skole B. Årstimedelen som er utført ved dei forskjellege skolane, skal registrerast på same måten.
Tilsette på engasjement skal førast på same måte som fast tilsette. Dersom dei er tilsette på andre vilkår enn faste tilsette, er det dei reelle vilkåra dei har, som skal førast. Dersom ein ikkje har førebuingstid, skal det reknast ordinært årsverk (altså ikkje lærarårsverk). For årstimar fører ein talet på timar dei underviser gonga veketalet på kurset.
Berre rektor og/eller inspektør skal førast her. Prosjektleiarar o.l. fører ein under årsverk lenger ned i skjemaet. Dersom kulturskolen deler administrasjon med andre, skal det vurderast kor mange årsverk som blir brukte til kulturskolen.
Her skal ein oppgi kontorhjelp berre dersom vedkommande er tilsett i kulturskolen.
Her fører ein berre tilsette på kulturskolen som fyller ut skjemaet.
Føremålet er å få informasjon om korleis kommunen tilset og nyttar personar med praktisk-estetisk
fagkompetanse i eigen kommune.
De skal kun oppgi eitt alternativ for kvar person, dvs. at dersom ein person har
tilsettingsforhold/arbeid både i SFO og i grunnskolen, skal de oppgi den staden der han eller ho har
størst stillingsbrøk av dei to.
Dette omfattar ikke kjøp og sal av tenester internt i kommunen eller mot fritidskulturlivet. Dette
omfattar ikkje interkommunalt samarbeid der dette ikkje er ein del av ein etablert interkommunal
kulturskole. Dette gjeld heller ikkje samarbeid mellom ulike forvaltningsnivå (kommune-fylke-stat).
Her skal det registrerast totalt tal på tilsette med pedagogisk utdanning/godkjend praktisk
pedagogisk utdanning (PPU), uavhengig av kva anna utdanning dei har.