Til skolene:
Adresser på dei einingane som ligg i Nasjonalt Skoleregister (http://nsr.udir.no/), vil automatisk bli henta inn i GSI. Det er derfor ikkje mogleg å endre adressedata direkte i skjema. Dersom adressedata skal endrast, må det sendast ei melding til SSB om dette. Det gjer du ved å klikke på knappen "Adresse" i knapperada. Da vil det komme opp eit skjema der ein skriv på endringane og klikkar Send. Dermed vil SSB oppdatere Virksomhets- og foretaksregisteret og Enhetsregisteret i Brønnøysund. Deretter blir data overførte til NSR, og neste dag vil GSI hente data frå NSR. Data skal da vere oppdaterte i GSI.
Under SFO skal ein registrere "Ja" dersom ein har tilbod om SFO. Uavhengig av om elevane nyttar seg av tilbodet.
Til skoleeigar/kommune:
Dei fleste opplysningane blir registrerte på skolenivå. Det som er registrert på skolane, skal ikkje registrerast på kommunen sentralt, sidan det blir dobbeltregistrering. Opplysningar om PPT (i ramme K) skal likevel fyllast ut på kommunen sentralt. Det kan også vere andre opplysningar som ikkje passar å registrere på skolenivå, til dømes registrerer nokre kommunar lærarressursar til særskild språkopplæring på kommunen sentralt i staden for på skolenivå.
Tal frå skolane og tal for kommunen sentralt blir summerte opp og viste på kommunenivå.
Alle elevar som går på skolen, skal registrerast, sjølv om eleven er folkeregistrert i ein annan kommune. Elevar som er mellombels ved ein skole/ei eining, skal berre førast på den skolen der eleven er teken inn, jf. opplæringslova § 8-1. Dersom det er planlagt at eleven skal gå på ein annan skole ut skoleåret eller lenger, skal eleven førast på den skolen vedkommande faktisk går på det skoleåret.
Skolar fører berre opp elevar som er registrerte ved skolen per 1. oktober. Elevar som har eit delt undervisningstilbod mellom fleire skolar, skal fyllast ut der dei er registrerte/innskrivne. Elevar som er plasserte i ramme D eller E, skal vere registrerte i ramme A ved same skole. Til dømes skal ein elev som får spesialundervisning på ein annan skole, førast i ramme D på same skole som eleven er ført på i ramme A. Kommunen er ansvarleg for å sjå til at elevar ikkje er førte dobbelt.
Kommunen sentralt fører berre opp elevar som ikkje er registrerte ved nokon skole. Kommunen er ansvarleg for å sjå til at det er ført riktig tal på elevar .
Kolonnane til høgre er kalla "Skolens/kommunens timetalsfordeling". Her spør vi om elevtimar, det vil seie kor mange årstimar elevane får på kvart årssteg. Timetalet er fastsett som 60 minutts einingar. Kommunane kan gjere vedtak om at dei skal gi undervisningstid ut over minstetimetalet. Det er skolens reelle undervisningstimetal som skal førast opp, ikkje det forskriftsfesta.
Skolens/kommunens timetalsfordeling gir att eit gjennomsnitt på kommune, fylke og landsnivå. Dette er no eit ordinært gjennomsnitt. Tidlegare var dette vekta.
Timetalet skal førast opp for alle årsstega som skolen normalt har elevar på, uansett om elevane går i aldersblanda grupper eller ikkje. Dersom ein barneskole underviser elevar på 4. og 5. årssteg saman, skal både timetalet som blir gitt til elevane på 4. årssteg og til elevane på 5. årssteg, førast opp. Dersom ein rein ungdomsskole bruker å ha elevar på 8. årssteg, men ikkje har det akkurat i år, skal han føre opp det normale årstimetalet for elevar på 8. årssteg.
Følgjande fordeling av undervisningstimetalet er fastsett:
1.-7. årssteg | 8.-10. årssteg |
5196 timar | 2622 timar |
Udir-1-2023 gir oversikt over fag- og timefordelinga.
Desimalar må rundast av. Der dette fører til ein time for lite, kan det førast ein ekstra time på eitt av årsstega, så lenge totaltimetalet for skolen blir riktig.
76 timar til fysisk aktivitet kjem i tillegg og skal førast i ramme H.
Elevtal og timetalsfordeling er med i berekninga av gruppestørrelse 2.
Her registrerer ein talet på asylsøkjarar i opplæringspliktig alder som bur i mottak eller omsorgssenter, og som får grunnskoleopplæring. Skal fyllast ut av den skolen/institusjonen der eleven går. Asylelevar skal også registrerast i linje 1-15 (dvs. at dei skal registrerast saman med alle elevane ved skolen).
Skal fyllast ut av den skolen der eleven går. Eleven skal også registrerast i linje 1-15 ved same skole.
Skal fyllast ut av den skolen der eleven går. Eleven skal også registrerast i linje 1-15 ved same skole.
Skolen/institusjonen/kommunen skal registrere kor mange elevar som blir finansierte av ein annan kommune, til dømes elevar som er fosterheimsplasserte frå ein annan kommune.
Skolen elevane går på (ev. kommunen dersom undervisninga går føre seg sentralt), skal føre kommunen som er økonomisk ansvarleg for eleven i A19. Kommunen er ansvarleg for å sjå til at talet på elevar finansierte av ein annan kommune verken blir underrapporterte eller talde opp dobbelt i GSI.
Opplysningar om talet på elevar som får heimeundervisning innafor rikets grenser pr 1. oktober, skal fyllast ut av skolen eller kommunen sentralt, avhengig av kven som har ansvaret og har tilgang på tala.
Heimeundervisning gjeld elevar som er tekne ut av skolen for å få opplæringa si av føresatte, etter § 2-13 i opplæringslova. Undervisning som går føre seg heime, men som kommunen har ansvaret for på grunn av sjukdom e.l., er ikkje rekna som heimeundervisning i denne samanhengen, og skal ikkje førast her.
Kommunen er ansvarleg for å sjå til at talet som får heimeundervisning i kommunen, verken blir underrapportert eller registrert dobbelt.
Alle barn som er busette i Noreg, har rett og plikt til grunnskoleopplæring etter opplæringslova § 2-1.
Dersom skolen finn eleven i Noreg utan opplæring, eller skolen ikkje finn eleven, skal eleven teljast med. Dersom skolen kjenner til at eleven er i utlandet, skal eleven ikkje teljast med. Berre dei med udokumentert fråvær skal registrerast.
Kommunens plikt til å oppfylle den retten elevar har til grunnskoleopplæring, er omhandla i opplæringslova § 13-1. Tilsvarande regel finst i privatskolelova § 5-2, andre ledd.
For ytterlegare informasjon sjå Utdanningdirektoratets rettleiar.
Her skal ein gi opplysningar om årstimar, slik planane ser ut 1. oktober. Rekn både med det som er brukt fram til 1. oktober, og det som er planlagt for resten av skoleåret.
Alle årstimar til undervisning skal førast i 60 minutts einingar.
På barnesteget er årsramma for undervisning pr. lærarårsverk 741 timar (60-minutts einingar).
På ungdomssteget er gjennomsnittleg berekna årsramme for undervisning pr. lærarårsverk 656 timar (60-minutts einingar). Sjå vedlegg 1 til SFS2213.
GSI spør berre etter undervisningstimane og eventuelt timar til arbeidsoppgåver som fører til reduksjon i årsramma for undervisning. Det er rapporteringa av desse timane som dannar grunnlag for berekninga av årsverk i ramme C.
I linje 1 fører ein talet på lærartimar som blir gitt til undervisning ved skolen i inneverande skoleår av undervisningspersonale som oppfyller kompetansekrava for tilsetjing jf. opplæringslova § 10-1 og privatskolelova § 4-2.Det er kun fullført utdanning som skal registrerast.
I linje 2 fører ein talet på lærartimar som blir gitt til undervisning ved skolen i inneverande skoleår av undervisningspersonale som ikkje oppfyller kompetansekrava for tilsetjing jf. opplæringslova § 10-1 og privatskolelova § 4-2.
Se forskrift til opplæringslova §§ 14-2, 14-3 og 14-5 og privatskolelova § 4-2 for kva for utdanningar som er godkjende for tilsetjing per i dag.
Dersom årstimar blir gitt til elevar frå fleire årssteg samtidig, skal årstimane førast på det høgaste årssteget. På fådelte skular kan ein sjå vekk frå denne regelen i dei tilfella det skapar eit urealistisk bilete av undervisningsressursane på skulen. Det er viktig at summen av lærartimar frå 1. til 10. steg vert rett.
Lærarane er underlagde dei kompetansekrava som gjaldt da dei var ferdig utdanna. Det vil seie at alle som var kvalifiserte for tilsetjing i stillinga da dei fullførte utdanninga si, skal førast på undervisningspersonale som oppfyller kompetansekrava for tilsetjing.Timar til fysisk aktivitet skal ikkje førast opp her, men i ramme H. Timar til leksehjelp skal ikkje førast i ramme B.
Dersom assistentar utfører undervisningsoppgåver, blir dei rekna som undervisningspersonell som ikkje oppfyller kompetansekrava for tilsetjing. Dei skal da førast i linje 2 og ikkje i linje 27.
Årstimar i eigne skolar for spesialundervisning og spesialundervisningsgrupper ved ordinære grunnskolar skal registrerast her.
Dersom det er tre elevar i ein klasse som har vedtak på tre timar spesialundervising kvar og skal undervisast i gruppe, skal det førast 3 timar med undervisingspersonale.
Dersom undervisning gitt etter læreplan i grunnleggjande norsk for språklege minoritetar, eller i form av særskild tilpassing innanfor den ordinære læreplanen, medfører ekstra gruppedeling i norsk, skal timane førast her. Viss undervisninga skjer sentralisert i kommunen, registrerer ein årstimane på sentrale ressursar i kommunen.
Morsmålsopplæring er undervisning i eleven sitt morsmål som elevar med eit anna morsmål enn norsk og samisk får utover det ordinære undervisningstimetalet.
Årstimane til morsmålsopplæringa skal vanlegvis førast på den skolen som gir undervisninga. Dersom ein morsmålslærar underviser ved fleire skolar, skal årstimane til læraren delast og førast opp på dei enkelte skolane. Dersom morsmålsopplæringa ved fleire skolar er samla ved ein enkelt skole, fører ein alle årstimane til morsmålsopplæring på denne skolen. Viss morsmålsundervisninga går føre seg sentralisert i kommunen, registrerer ein årstimane på dei sentrale ressursane i kommunen.
Tospråkleg fagopplæring er den opplæringa som skjer innanfor det ordinære undervisningstimetalet og der elevens morsmål blir brukt i opplæringa, anten åleine eller saman med norsk (til dømes matematikkundervisning gitt på urdu).
Årstimane kjem fram ved at det blir brukt både fag- og morsmålslærar i opplæringa, anten i same gruppe eller ved at gruppa blir delt. Dersom undervisninga går føre seg sentralisert i kommunen, blir årstimane registrerte på kommunens sentrale ressursar.
Her førast timar når kommunen ikkje kan skaffe lærarar på morsmålet som kan gi morsmålsopplæring og/eller tospråkleg fagopplæring.
Her fører ein årstimar til undervisning i samisk som førstespråk (Samisk 1) eller andrespråk (Samisk 2/Samisk 3) som fører til ekstra undervisningsressursar, jf. opplæringslova § 6-2. Ressursane til undervisning i samisk skal registrerast på skolen/eininga som gir undervisninga. Dette for å unngå at ressursar blir registrerte dobbelt.
Timar til fordjuping i samisk som framandspråk skal ikkje førast her.
Elevar som får opplæring i samisk, skal registrerast i ramme F, og elevar med fordjuping i samisk skal registrerast i ramme G
Desse felta er med i berekninga av gruppestørrelse 2.
Ressursane til undervisning på samisk skal registrerast på skolen/eininga som gir undervisninga. Dette for å unngå at ressursar blir registrerte dobbelt.
Elevar som får opplæring på samisk, skal registrerast i ramme F som elevar med samisk som opplæringsmålform.
Desse felta er med i berekninga av gruppestørrelse 2.
Desse felta er med i berekninga av gruppestørrelse 2.
Årstimar til finsk som andrespråk etter opplæringslova § 2-7 skal registrerast her. Talet på elevar som får opplæring i finsk som andrespråk, skal førast i linje 14 i ramme F.
Årstimar til finsk som andrespråk etter opplæringslova § 2-7 skal registrerast her. Talet på elevar som får opplæring i finsk som andrespråk, skal førast i linje 14 i ramme F.
Dette gjeld både opplæring i teiknspråk som fag og spesialundervisning for høyrselshemma elevar, både dersom vedtak om teiknspråkopplæring og spesialundervisning er gjort i same eller i kvart sitt enkeltvedtak.
Summen viser kor mange lærartimar som er knytte til elevar med spesialundervisning og særskild språkopplæring.
Talet viser talet på årstimar som blir brukte til undervisning i ordinære elevgrupper. Talet som kjem fram her, blir rekna ut på følgjande måte:
Det totale talet på lærartimar i linje 3
- Talet på lærartimar som er knytte til elevar med spesialundervisning og særskild språkopplæring (linje 19)
= Lærartimar til undervisning av ordinære elevgrupper
Desse felta er med i berekninga av gruppestørrelse 2.
Eksempel på oppgåver som kan føre til fråtrekk i undervisningsplikta er: kontaktlærarfunksjon, seniortiltak, tidsressurspott, pedagogisk rettleiing, utviklingsarbeid, vikartimar som ein del av stillinga til lærarar tilsette ved skolen (beredskapsressursar), elevrådskontakt - hvis dette er lagt til en larer, lokalt fastsette funksjonar som tillitsvalde og liknande, fjernundervisning eller anna undervisning til elevar ved andre skolar, tilsyn av elevar som får heimeundervisning, sosialpedagogisk rådgivar, utdannings- og yrkesrådgivar og anna pedagogisk arbeid for å fylle opp stillinga si årsramme for leseplikttid.
Timar til fysisk aktivitet skal førast i ramme H. Merk at timar til leksehjelp ikkje skal førast i ramme B
Eksempel på oppgåver som kan føre til fråtrekk i undervisningsplikta er:
- kontaktlærarfunksjon
- seniortiltak
-tidsressurspott
- pedagogisk rettleiing og utviklingsarbeid
- vikartimar som ein del av stillinga til lærarar tilsette ved skolen (beredskapsressursar)
- elevrådskontakt - om dette er en lærar
- lokalt fastsette funksjonar som tillitsvalde og liknande
- fjernundervisning eller anna undervisning til elevar ved andre skolar
- tilsyn av elevar som får heimeundervisning
- sosialpedagogisk rådgivar - om dette er ein lærar
- utdannings- og yrkesrådgivar - om dette er ein lærar
- anna pedagogisk arbeid for å fylle opp stillinga si årsramme for leseplikttid.
Timar til fysisk aktivitet skal førast i ramme H. Timar til leksehjelp skal ikkje førast i ramme B.
For lærarar som både underviser på barne- og ungdomssteget, blir timane fordelte etter skjønn mellom 1.-7. årssteg og 8.-10. årssteg. I dei tilfella der ei slik fordeling ikkje er mogleg/føremålstenleg, fører ein timane på det høgaste årssteget.
Her skal arbeidstimar til assistent og anna elevretta arbeid registrerast. Assistentkalkulatoren kan brukast til å berekne årstimar basert på årsverk, dersom skolen berre veit antal årsverk. Dersom ein skole har gjort om tildelte lærartimar til assistenttimar, skal desse registrerast her.
Dersom assistentar utfører undervisningsoppgåver, vert dei ikkje rekna som assistentar, men som undervisningspersonell utan godkjend utdanning for dei faga/stega dei underviser på. Årstimane skal da førast som «Årstimar til undervisning» i linje 2.
Tid til assistentar som berre utfører helsetenester, vert ikkje teken med. Stillingsressursar til skolefritidsordning skal ikkje takast med her. Vaktmeistertenester skal heller ikkje teljast her. Lærlingar skal ikkje registrerast.
Assistenttimar tildelte til elevar ut frå til dømes helsemessige årsaker utanom § 5-1 i opplæringslova og § 3-6 i privatskolelova skal ikkje registrerast.
Generelt
Årsverka (linje 1..30) skal teljast i stillingsprosent, dvs. at eitt årsverk er 100 prosent.
Ein rektor som har 50 prosent undervisning, skal registrerast 50 prosent på rektor og 50 på prosent undervisning.
Sum årsverk for undervisningspersonale blir berekna frå årstimane som står i ramme B.
Undervisningspersonalets årsverk
Undervisningspersonalets årsverk på 1687,5 timar er bygd opp av fleire element på barnesteget innafor 39 veker, med mindre anna er avtalt lokalt:
- arbeidsplanfesta tid 1300 timar som består av:
-
- inntil 741 undervisningstimar på barnesteget
- 559 timar arbeidsplanfesta tid utanom undervisning
- tid for- og etterarbeid og fagleg ajourføring med 387,5 timar
Undervisningspersonalets årsverk på 1687,5 timar er bygd opp slik på ungdomssteget innafor 39 veker, med mindre anna er avtalt lokalt:
- arbeidsplanfesta tid 1225 timar på ungdomssteget består av:
-
- gjennomsnittleg 656 undervisningstimar på ungdomssteget (sjå Vedlegg 1 til SFS2213 om Årsramme for ulike fag)
- 569 timar arbeidsplanfesta tid utanom undervisning
- tid til for- og etterarbeid og fagleg ajourføring med 462,5 timar
I den sentrale særavtalen, SFS2213, er det regulert inn fleire reglar som grip inn i årsrammene, og som på den måten påverkar undervisningstimetala. Dette dreier seg om eksempelvis seniortiltak, tidsressurspott, kontaktlærarteneste, sosiallærarteneste, rådgivarteneste og elevrådskontakt. Sidan desse ulike tenestene og funksjonane verkar inn på undervisningstimetala, vil det vere viktig å registrere desse slik at dei kjem fram i GSI. Sjå også Udir-1-2020.
GSI spør berre etter undervisningstimane og eventuelt timar til arbeidsoppgåver som fører til reduksjon i årsramma for undervisning.
Omfattar den samla tidsressursen som er avsett til administrative og pedagogiske leiaroppgåver etter SFS2213.
Årsverk eller delar av årsverk som går til undervisning av aldersblanda grupper, blir berekna på det høgaste hovudsteget det deltek elevar frå i undervisninga.
Årsverka som blir berekna her, tek utgangspunkt i ramme B linje 27 til linje 28 "Årstimar til assistent og anna elevretta arbeid (ikkje undervisingspersonale)".
Her ønskjer vi å vite kor mange som underviser ved skolen, og kor mange personar ved skolen som utfører enkelte oppgåver. Ein person kan ha ei eller fleire særskilde oppgåver i stillinga si, og kan derfor måtte teljast fleire gonger i felta 31..35. Ein og same person kan til dømes førast opp både som kontaktlærar og sosialpedagogisk rådgivar.
Her fyller ein ut kor mange personar som underviser på skolen. Assistentar skal ikkje inkluderast, men dersom assistentar underviser, blir dei rekna som lærarar utan godkjend utdanning og skal førast her. I fordelinga på hovudsteg skal ein person berre førast opp éin gong, sjølv om vedkommande underviser på fleire årssteg. Personen skal førast på det høgaste årssteget vedkommande underviser. Dersom til dømes en rektor også underviser, skal han/ho teljast med.
Skal berre fyllast ut av skolar med fast organiserte grupper. Der kontaktlærarfunksjonen for ei gruppe er delt mellom fleire personar, skal alle kontaktlærarane takast med her. I fordelinga på hovudsteg skal ein person berre førast ein gong, sjølv om han er kontaktlærar for elevar på fleire hovudsteg. Viss ein person er kontaktlærar for elevar frå fleire hovudsteg, skal han førast på det høgaste årssteget elevane hans går på.
Her fyller ein ut kor mange tilsette som er med undervisningspersonalet i undervisninga, til hjelp for enkeltelevar. Dersom assistentar utfører undervisningsoppgåver, blir dei ikkje rekna som assistentar, men som undervisningspersonell (lærar) og skal førast i linje 31..
Assistentar som berre utfører helsetenester, skal ikkje takast med. Assistentar som utelukkande jobbar i skolefritidsordninga, skal ikkje takast med her.
Her fører ein talet på lærarar som oppfyller kompetansekrava for tilsetjing jf. opplæringslova § 10-1 og privatskolelova § 4-2.
Sjå forskrift til opplæringslova §§ 14-2, 14-3 og 14-5 og privatskolelova § 4-2 for kva for utdanningar som er godkjende for tilsetjing per i dag.
Lærarane er underlagde dei kompetansekrava som gjaldt da de var ferdig utdanna. Det vil seie at alle som var kvalifiserte for tilsetjing i stillinga da dei fullførte utdanninga si, skal førast på undervisningspersonale som oppfyller kompetansekrava for tilsetjing.
Dersom læraren underviser elevar både på 1.-7. årssteg og 8.-10. årssteg, men berre oppfyller kompetansekrava for tilsetjing for 1.-7. årssteg skal læraren førast i linje 38.
Formålet med desse felta er å dimensjonere behovet for vidareutdanning.
Steinerskolar og Montessoriskolar registrerar også etter krava for tilsetting jf. privatskolelova § 4-2. De skal ikkje ta hensyn til eiga krav om spesialkompetanse, kun krava i privatskolelova § 4-2.
Her fører ein talet på lærarar som ikkje oppfyller kompetansekrava for tilsetjing jf. opplæringslova § 10-1 og privatskolelova § 4-2.
Sjå forskrift til opplæringslova §§ 14-2, 14-3 og 14-5 og privatskolelova § 4-2 for kva for utdanningar som er godkjende for tilsetjing per i dag.
Lærarane er underlagde dei kompetansekrava som gjaldt da de var ferdig utdanna. Det vil seie at alle som var kvalifiserte for tilsetjing i stillinga da dei fullførte utdanninga si, skal førast på undervisningspersonale som oppfyller kompetansekrava for tilsetjing.
Dersom læraren underviser elevar i faget både på 1.-7. årssteg og 8.-10. årssteg utan å oppfylle kompetansekrava for tilsetjing, skal læraren førast berre på 8.-10. årssteg, slik at læraren ikkje blir tald dobbelt.
Dersom læraren underviser elevar både på 1.-7. årssteg og 8.-10. årssteg, men berre oppfyller kompetansekrava for tilsetjing for 1.-7. årssteg, skal læraren førast i linje 38.
Assistentar som utfører undervisningsoppgåver,blir dei rekna som undervisningspersonell som ikkje oppfyller kompetansekrava for tilsetjing, og skal registrerast her.
Ein som er unnateken frå krava om tilsetjing og tilsett mellombels etter opplæringslova § 10-6, eller på vilkår om fullført lærarutdanning etter opplæringslova § 10-6a, skal registrerast i linje 37.
Formålet med desse felta er å dimensjonere behovet for vidareutdanning.
Steinerskolar og Montessoriskolar registrerar også etter krava for tilsetting jf. privatskolelova § 4-2. De skal ikkje ta hensyn til eiga krav om spesialkompetanse, kun krava i privatskolelova § 4-2.
Lærarane er underlagde dei kompetansekrava som gjaldt da de var ferdig utdanna. Det vil seie at alle som var kvalifiserte for tilsetjing i stillinga da dei fullførte utdanninga si, skal førast på undervisningspersonale som oppfyller kompetansekrava for tilsetjing.
Krav om relevant kompetanse i undervisningsfag gjeld ikkje for den som er mellombels tilsett etter § 10-6 eller etter arbeidsmiljølova, eller den som er tilsett på vilkår etter § 10-6a. Fram til 1. august 2025 har den som har fullført allmennlærarutdanninga, og den som før 1. januar 2014 oppfylte krava for tilsetjing i undervisningsstilling, dispensasjon frå krav som er gitt i medhald av andre ledd.
I denne ramma registrerer ein elevar som har fått enkeltvedtak om spesialundervisning, jf. opplæringslova § 5-1 og privatskolelova § 3-6. Alle elevar som går på skolen, skal registrerast, sjølv om eleven er folkeregistrert i ein annan kommune. Elevar som er mellombels ved ei eining, skal berre førast på den skolen der eleven er teken inn, jf. opplæringslova § 8-1.
Her registrerer ein det samla talet på elevar som har fått tildeling etter enkeltvedtak på grunnlag av § 5-1 i opplæringslova og § 3-6 i privatskolelova.
Elevar som blir plasserte i ramme D, skal vere registrerte i ramme A ved same skole.
- Elevar frå andre kommunar skal også førast her.
- Elevar som har eit delt undervisningstilbod mellom fleire skolar, skal førast der dei er registrerte/innskrivne.
Sidan både kommunen sentralt og skolane kan fylle ut feltet, må kommunen sjå til at elevar som har fått tildeling, ikkje blir dobbeltrapporterte eller underrapporterte.
Linje D11 var i bruk til og med skoleåret 2005/06. Fram til da vart berre dei færraste elevar med spesialundervisning fordelte på årssteg. Feltet er der framleis fordi det er ein del av det totale talet på elevar med spesialundervisning. Tal før 2006/07 gir derfor ikkje ei fullstendig oversikt over korleis elevar med spesiaulndervisning fordeler seg på årssteg.
Elevar må ha vedtak om spesialundervisning for å bli plasserte i alternativ opplæringsarena.
Dersom skolen har elevar som held til ein dag i veka eller meir utanfor ordinær undervisning, skal dei registrerast her. Dette kan vere opplegg knytte til friluftsliv, kantinedrift m.m., men det gjeld ikkje elevar som gjennom avtale har fått disponert inntil 25 % av timetalet til fag med nasjonal læreplan. (Desse elevane skal førast i ramme I.) Sjå Udir-03-2010 for bruk av alternative opplæringsarenaer.
Elevar i fast avdeling for spesialundervisning skal ikkje førast her, men i D13.
Det er spørsmål om talet på elever som får eit fleirtal av sine tildelte timar til spesialundervisning i den ordinære klassen, i grupper på to til fem elevar, 6 elevar eller flere eller åleine.
Elevane skal berre registrerast éin gong. Summen av elevar i linje 15, 17, 16 og 18, skal være lik summen i linje 12.
Det er spørsmål om talet på elevar som får eit fleirtal av sine tildelte timar til spesialundervisning i (den ordinære) klassen, i grupper på to til fem elevar, i grupper på seks eller fleire eller åleine.
Elevane skal berre registrerast éin gong. Summen av elevar i linje 15, 16, 17 og 18, skal vere lik summen i linje 12.
Her registrerer ein talet på elevar som har fått tildelt timar til spesialundervisning med undervisningspersonale, gruppert etter hovudsteg og tildelte timar per år. Den enkelte eleven skal registrerast på hovudsteget de går på og innanfor intervalla 1-75, 76-190, 191-270 eller 271 timar per år eller meir.
Elevar som også er tildelte timar med assistentar, skal i tillegg registrerast i linje 26..29. Dette fører til at talet på barn i linje 25 pluss barn i linje 31 vil kunne vere større enn det samla talet på barn som har fått tildeling i linje 12.
Elevane skal førast både på hovudstegsfordelinga og på kjønnsfordelinga.
Felta som omhandla spesialundervisning med undervisningspersonale fordelt timetal og hovudsteg med i berekninga av gruppestørrelse 2.
Det blir ikkje lenger samla inn informasjon om dette, men teksten ligg i GSI for å gjere det mogleg å hente ut historiske data.
Her registrerer ein talet på elevar som har fått tildelt timar til spesialundervisning på grunnlag av enkeltvedtak med assistentar, gruppert etter tildelte timar per år. Den enkelte eleven skal registrerast innanfor intervalla 1-75, 76-190, 191-270 eller 271 timar per år eller meir.
Elevar som også er tildelte timar med undervisningspersonale, skal i tillegg registrerast i linje 20..23. Dette fører til at talet på barn i linje 25 pluss barn i linje 31 vil kunne vere større enn det samla talet på barn som har fått tildeling i linje 12.
Det blir ikkje lenger samla inn informasjon om dette, men teksten ligg i GSI for å gjere det mogleg å hente ut historiske data.
Her registrerer ein talet på elevar som får 271 timar spesialundervisning per år, uavhengig av om timane er med undervisningspersonale eller assistent.
Det er talet på timar eleven får spesialundervisning, vi er ute etter. Timar der undervisningspersonale og assistent er med eleven samtidig, skal derfor teljast berre ein gong.
Ein elev får 200 timar spesialundervisning per år med undervisningspersonale og 200 timar med assistent. I 100 av timane er både undervisningspersonalet og assistenten til stades samtidig. Denne eleven får dermed 100 timar med berre undervisningspersonale, 100 timar med kun assistent og 100 timar med både undervisningspersonale og assistent. Dette blir 300 timar spesialundervisning, og eleven skal dermed førast her.
Her skal skolen registrere talet på elevar frå andre kommunar som får spesialundervisning, fordelte etter kva for kommune dei kjem frå. Det er altså kommunen som betaler, som skal registrerast.
Friskolar og private skolar (godkjend etter opplæringslova § 2-12) skal registrere alle elevar med spesialundervisning frå alle kommunar, også den kommunen som skolen er geografisk plassert i.
Det er berre elevar med enkeltvedtak etter opplæringslova § 2-8 og privatskolelova § 3-5 som skal førast her.
Her fører ein alle elevar som får undervisning etter opplæringslova § 2-8 og privatskolelova § 3-5.
Elevar som har eit delt undervisningstilbod mellom fleire skolar, skal fyllast ut der dei er registrerte/innskrivne. Det vil seie at elevar som er plasserte i ramme E, skal vere registrerte i ramme A ved same skole. Kommunen er ansvarleg for å sjå til at elevar ikkje er førte dobbelt.
Desse felta er med i berekninga av gruppestørrelse 2.
Her fører ein den delen av elevane som har særskild norsk etter opplæringslova § 2-8 eller privatskolelova § 3-5 og som følgjer læreplanen i grunnleggjande norsk.
Dersom elevane har si faste tilhøyrsle i desse gruppene, fører ein talet på elevar ved skolen som går i eigne grupper/avdeling(ar) for språklege minoritetar her. Det betyr at dei har hovuddelen av undervisningstida i gruppa, sjølv om dei kan vere integrerte i ordinære grupper i enkelte fag eller tema. Timeressursane til undervisningsgrupper med språklege minoritetar skal registrerast i linje 5 til 8 i ramme B jf. opplæringslova § 2-8 og privatskolelova § 3-5.
Elevar som pr. 1. oktober er på ein mottaksskole, skal førast der og ikkje på den skolen dei normalt ville gått.
Her skal elevar som får morsmålsopplæring og/eller tospråkleg fagopplæring registrerast, fordelte etter morsmål. Det er berre elevar med enkeltvedtak som skal førast. Internasjonale skolar i Noreg fører ikkje opp elevane under ramme E.
I første kolonne vel ein språk.
I andre kolonne skal det opplysast om talet på elevar som berre får morsmålsopplæring. Morsmålsopplæring er den undervisninga i elevens morsmål som blir gitt til elevar med anna morsmål enn norsk og samisk utover det ordinære undervisningstimetalet.
I tredje kolonne fører ein elevar som får både morsmålsopplæring og tospråkleg fagopplæring. Tospråkleg fagopplæring er den opplæringa som skjer innafor det ordinære undervisningstimetalet, og der elevens morsmål blir brukt i opplæringa (til dømes "matematikk på urdu") anten åleine eller saman med norsk.
I fjerde kolonne fører ein elevar med berre tospråkleg fagopplæring.
I femte kolonne fører ein elevar med tilrettelagd opplæring. Etter opplæringslova § 2-8, tredje ledd og privatskolelova § 3-5, tredje ledd: " Når morsmålsopplæring og tospråkleg fagopplæring ikkje kan givast av eigna undervisningspersonale, skal kommunen så langt mogleg leggje til rette for anna opplæring tilpassa føresetnadene til elevane." Dette gjeld når kommunen ikkje kan skaffe eigna/eller kompetente lærarar på morsmålet som kan ta seg av morsmålsopplæringa og/eller tospråkleg fagopplæring. Sjølv om kommunen ikkje kan skaffe kompetente lærarar til dette, så har likevel elevane rett til anna tilpassa opplæring.
Sum: I siste kolonne kjem summen av elevar med morsmålsopplæring og/eller tospråkleg fagopplæring og tilrettelagd opplæring. Dette er summen av kolonne to, tre, fire og fem. Summen kjem automatisk fram. Ein og same elev kan dermed berre førast i ein av kolonnane to, tre, fire og fem.
Elevane blir her registrerte på det nivået/den skolen der dei er registrerte/innskrivne (men undervisninga kan vere lagd til ein annan skole i kommunen, eller ho kan gå føre seg hos kommunen sentralt). Kommunen må kontrollere at ingen elevar er talde dobbelt eller underrapporterte i ramme E.
Her skal skolen registrere talet på elevar frå andre kommunar som får særskild norskopplæring og morsmålsopplæring/tospråkleg fagopplæring, fordelte etter kva for kommune elevane kjem frå. Det er altså kommunen som betaler, som skal registrerast.
Friskolar og private skolar (godkjend etter opplæringslova § 2-12) skal registrere alle elevar med særskild norskopplæring frå alle kommunar, også den kommunen som skolen er geografisk plassert i.
Registreringa etter målform gjeld kva for målform elevane/foreldrane på vel i alle andre fag enn norsk. Dersom eleven ikkje har valt opplæringsmålform, fører ein opp eleven med skolens målform.
Elevar på internasjonale skolar i Noreg der undervisninga skjer på andre språk enn norsk og samisk, fører ein på "Andre".
Alle grupper som er oppretta etter opplæringslova § 2-5 og § 6-2, første og andre ledd, skal registrerast her, sjølv om dei ikkje fører til ekstra grupper ut over det ein elles ville hatt.
Gruppedeling etter opplæringslova § 2-5 og § 6-2, første og andre ledd treng ikkje å føre til at det totale talet på grupper ved skolen blir høgare. Det er berre i dei tilfella der delinga fører til grupper som kjem i tillegg til dei skolen uansett ville hatt med utgangspunkt i det totale elevtalet på årssteget, som skal teljast her.
Samisk som andrespråk 2 omfattar elevar som gjennomfører nivå 1-7 etter samisk læreplan.
Samisk som andrespråk 3 omfattar elevar som gjennomfører nivå 1-4 etter samisk læreplan.
Timar til opplæring i samisk fører ein i linje 9 og i ramme B.
Dei som er førte under finsk som andrespråk (som er eit tilbod i Troms og Finnmark), kan også ha ein av dei samiske språkkategoriane.
Årstimar i finsk som andrespråk jf. § 2-7 fører ein i linje 16 i ramme B.
I linje 1..5 registrerer ein elevar som får undervisning etter dei vanlegaste språka i Kunnskapsløftet.
Elevar som får andre språk som framandspråk enn dei som står ovanfor fører ein opp her. Språket/språka det gjeld, fører ein opp i merknadsfeltet.
Det blir ikkje lenger samla inn informasjon om dette, men teksten ligg i GSI for å gjere det mogleg å hente ut historiske data.
Elevar som har valt arbeidslivsfaget i staden for framandspråk eller språkleg fordjuping, skal førast her jf. forskrift til opplæringslova § 1-8, femte ledd, og forskrift til privatskolelova § 2A-6, femte ledd.
- Elevar med enkeltvedtak om spesialundervisning der sakkunnig vurdering tilrår avvik frå læreplanen i form av bortval av framandspråk og språkleg fordjuping, jf. opplæringslova § 5-5, første ledd.
- Elevar med finsk som andrespråk, teiknspråk eller særskild språkopplæring som etter søknad er fritekne etter reglane i forskrift til opplæringslova § 1-9, andre ledd.
- Elevar som får opplæring i samisk som første- eller andrespråk som ikkje har opplæring i framandspråk eller språkleg fordjuping etter forskrift til opplæringslova § 1-9, første ledd. (Desse elevane har likevel rett til opplæring i framandspråk eller språkleg fordjuping dersom dei ønskjer det.)
Elevar som bruker timar til valfag til å ta fag frå vidaregåande, skal førast her, uavhengig av om dei også bruker timar frå faget utdanningsval. Elevane som ein fører her, vil da ikkje ha eit av dei 15 ordinære valfaga.
Elevar som berre bruker timar frå faget utdanningsval til å ta fag frå vidaregåande, skal ikkje førast her, men i linje I05. Desse elevane vil både ta fag frå vidaregåande og eit av dei 15 ordinære valfaga.
Her registrerer ein timetalet til fysisk aktivitet utanom kroppsøving for kvart av årsstega (gjeld 5.-7. årssteg), jf. forskrift til opplæringslova § 1-1a og forskrift til privatskolelova § 2A-9.
Timar som ein fører her, skal ikkje registrerast i ramme A linjene 1..11
Fysisk aktivitet er ikkje eit fag, og elevane skal ikkje vurderast når dei har dette. Ekstra timar til kroppsøving skal derfor ikkje førast her.
Timar til leksehjelp skal ikkje teljast i ramme A linje 15 eller i ramme B.
Her fører ein talet på elevar per årsteg som deltek i leksehjelpsordninga. Registrer talet på elevar som er påmelde til ordninga. Viss det ikkje blir operert med påmeldningar, prøv å telje talet på elevar som kjem innom leksehjelpa, eventuelt kom med eit overslag.
Her fyller ein ut talet på timar leksehjelp i veka som ein elev blir tilbydd på kvart årssteg. Det er skolens tilbod til elevane som skal førast, også i dei tilfella der det ikkje er elevar som har teke imot tilbodet, eller det ikkje er elevar på årssteget.
For timetal blir desimalar under 0,50, til dømes 0,33, runda nedover. Dette kan føre til ein time for lite for nokre skolar. Dersom skolen får feil tal på grunn av desimalen, kan det i staden førast ein heil time meir på eitt av årsstega, slik at det totale timetilbodet blir korrekt.
For enkeltelevar kan skoleeigaren omdisponere inntil 25 prosent av timane som er fastsette i det enkelte faget når det er grunn til å gå ut frå at dette vil kunne føre til betre måloppnåing i faga samla sett for eleven. I linje 2 og 3 fører ein opp talet på elevar som har fått omdisponert timar, på barne- og ungdomssteget.
Slik omdisponering av timar må ikkje blandast saman med spesialundervisning, utplasseringar og "alternative" undervisningsopplegg som fell utanom formålet og krava som ligg i ordninga, jf. Rundskriv Udir-1-2023 (Om fag- og timefordelinga i grunnopplæringa).
Elevar som tek fag frå vidaregåande opplæring, har tre moglegheiter til å hente timar. Den eine moglegheita er å bruke timane til valfag, den andre er å bruke timar frå faget utdanningsval og den tredje er fritake frå timane i same fag på årssteget (til dømes elevar som er friteken frå matematikktimane ved 10. årssteg, dersom dei tek matematikk på vidaregåande). Mange vil bruke moglegheitene i kombinasjon.
Her skal skolen føre elevar som ikkje benyttar valfagstimane til å til å ta fag frå vidaregåande. Det vil seie at dei følgjer ordinær opplæring i valfag, og tek eit av dei 15 valfaga i tillegg til fag frå vidaregåande opplæring.
Elevar som bruker timar til valfag til å ta fag frå vidaregåande, skal ikkje registrerast her, dei skal registrerast i G19.
I06. skal vise summen av elevar som tek fag frå vidaregåande. Pass derfor på at elevar som tek fag frå vidaregåande, ikkje blir talde dobbelt.
Frå 1. august 2019 har kommunane ei lovfesta plikt til å tilby elevane leirskoleopphald eller annan skoletur med minst tre overnattingar i samanheng som ein del av elevane si grunnskoleopplæring.
GSI-registreringa for leirskoleopphald er ikkje lenger avgrensa til å gjelde berre ei registrering per elev i løpet av elevens 10 år i grunnskolen.
Tal på overnatting skal ikkje summerast for kvart døgn, men beskrive kor mange overnattingar ei klasse har på leirskule. Til dømes: 4. klasse skal ha 3 dagar samanhengande overnattingar i samband med leirskuleopphaldet. Det skal då registrerast «3» døgn.
I dei tilfella der eit trinn er delt opp i ulike grupper som har ulikt tal på døgn på leirskule, skal tal på døgn for fleirtalet førast inn. Til dømes: 7. klasse er delt opp i to grupper som har ulike tal på overnattingsdøgn på leirskule. Det er fleire elevar i gruppe A. Då skal talet på døgn for gruppe A registrerast.
Viss det ikkje er fylt inn at nokon elevar skal på leirskule, skal ein heller ikkje fylle inn tal på overnattingar.
Beredskapsplan kan vere planlagd åleine eller i samarbeid med skuleeigar og/eller lokalt politi. Brannøvingar skal ikkje registrerast.
Beredskapsgruppa bør ha ein god dialog med kriseleiinga i kommunen (eventuelt fylkeskommunen) og lokalt politi, i utarbeidinga av beredskapsplanar og gjennomføringa av øvingar
Ramme J skal fyllast ut av skolar som har SFO-tilbod (skolen markerer "Ja" for om han har SFO-tilbod i bakgrunnsopplysningar, i ramma Generelt), eller av frittståande SFO som ikkje er underlagd skole.
Frittståande SFO'er som er registrerte i GSI, føreset ein avtale med kommunen.
Talet på barn i SFO skal fordelast på årssteg. Det er berre barn på 1.-7. årssteg som skal førast, jf. opplæringslova § 13-7.
Dersom elevar frå fleire skolar er samla til SFO ved ein felles skole, fører skolen med SFO-tilbodet alle elevane (både eigne og andre skolar sine elevar) i SFO-ramma. Skolen med SFO-tilbod må i tillegg føre opp kva for andre skolar han har SFO-elevar frå i merknadsrubrikken. Skolane som ikkje har SFO, registrerer heller ingen elevar i SFO-ramma (dei markerer "Nei" for om skolen har SFO-tilbod i ramma Generelt).
Talet på tilsette skal registrerast uavhengig av stillingsprosent. Tilsette som arbeider både på skolen og i SFO, skal registrerast begge stader.
Skolens administrasjon av SFO skal ikkje vere med her, men administrasjon skal vere med for frittståande skolefritidsordningar. Rektor skal altså ikkje førast. SFO-leiaren skal førast i linje 3, 4 eller 5 avhengig av utdanning. Det skal ikkje registrerast personale til drift og vedlikehald av lokala til skolefritidsordninga.
Talet på tilsette for personale med godkjend lærarutdanning eller førskolelærarutdanning. Tilsette som arbeider både på skolen og i SFO skal registrerast begge stader.
Talet på tilsette for personale med fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget. Tilsette som arbeider både på skolen og i SFO skal registrerast begge stader.
Talet på tilsette for andre tilsette i SFO. Dette gjeld både ufaglærte og dei med anna formell kompetanse. Tilsette som arbeider både på skolen og i SFO skal registrerast begge stader.
Oppgi betalingssats per månad per elev for ein heiltidsplass og deltidsplass. Oppgi ordinær sats utan noko form for moderasjon. Viss det er ulik pris mellom trinna (til dømes på grunn av gratis kjernetid på 1.-2. trinn)., skal det registrerast foreldrebetaling for 3. og 4. trinn. Viss elevane må betale ekstra for mat, skal betalingssatsen oppgivast utan betaling for mat.
Dersom SFO ikkje opererer med redusert pris for redusert tid, skal same talet førast i J08 som vart ført i J07 . Dersom SFO opererer med ein årleg betalingssats, skal denne delast på det talet på månader betalinga gjeld for. Dersom den årlege betalingssatsen gir moglegheit til å bruke SFO 12 månader, skal ein dele den årlege betalingssatsen på 12. Dersom ho er open 10 månader, blir månadssatsen årleg betalingssats/10.
Svar "Ja" eller "Nei" på om SFO har friplassar. Friplass vil seie ait ein elev får innvilga plass i SFO der ein er friteken frå foreldrebetaling. Om skulen har ei ordning for lokale friplassar, men det ikkje er nokon som går under denne ordninga i år, skal skulen registrere «Ja».
Svar "Ja" eller "Nei" på om SFO har syskenmoderasjon på betalingssatsane. Syskenmoderasjon vil seie at foreldrebetalingssatsen blir redusert dersom ein har meir enn eitt barn i SFO.
Vertskommunar for interkommunale tenester rapporterer samla for heile tenesta.
Det er ikkje nødvendig å skilje mellom årsverk knytte til arbeidet med førskolebarn, grunnskoleelevar eller vaksne.