GSI20, Vo-eining
Generelt

Det er tilstanden ved den enkelte vaksenopplæringsinstitusjonen / eininga per 1. oktober som skal danne grunnlaget for utfyllinga.

Dersom ein vaksenopplæringsinstitusjon har fått tildelt ressursar frå skoleeigaren for skoleåret, men har valt å disponere dei på ein annan måte enn føresett, er det vaksenopplæringsinstitusjonen si disponering som skal registrerast, ikkje tildelinga.

Vaksenopplæringsinstitusjonen skal registrere alle deltakarar som går ved opplæringsinstitusjonen, sjølv om dei er folkeregistrerte i ein annan kommune. Dette inneber også at det kan førekomme vaksenopplæringsinstitusjonar som har ressursar utan deltakarar.

talet på deltakarar frå andre kommunar kjem fram i ramme A. "Deltakarar i vaksenopplæring på grunnskolens område".

Vidaregåande skolar som driv opplæring på grunnskolens område i kriminalomsorga, skal ikkje rapportere deltakarar eller ressursar som går til dei i GSI.

Adresser på dei einingane som ligg i Nasjonalt Skoleregister (http://nsr.udir.no/) vil automatisk bli henta inn i GSI. Det er derfor ikkje mogleg å endre adressedata direkte i skjema. Dersom adressedata skal endrast, må det sendast ei melding til SSB om dette. Det gjer du ved å klikke på knappen "Adresse" i toppen av skjemaet. Da vil det komme opp eit skjema der ein skriv på endringane og klikkar Send. Dermed vil SSB oppdatere Virksomhets- og foretaksregisteret og Enhetsregisteret i Brønnøysund. Deretter blir data overførte til NSR, og neste dag vil GSI hente data frå NSR. Data skal da vere oppdaterte i GSI.

A. Deltakarar i vaksenopplæring på grunnskoleområdet.
Alle deltakarar ved opplæringsinstitusjonen/eininga skal registrerast her, uavhengig av om dei er folkeregistrerte i ein annan kommune og uavhengig av kven som betaler for opplæringa. Tala gjeld per 1. oktober.

I ramme A skal alle deltakarar ved opplæringsinstitusjonen, ev. alle deltakarar som får vaksenopplæring i regi av kommunen, registrerast - uavhengig av kva for kommune dei tilhøyrer, og uavhengig av kven som finansierer opplæringa.

Deltakarar med berre ordinær grunnskoleopplæring etter § 4A-1
Her fører ein opp deltakarar som berre får undervisning etter opplæringslova § 4A-1 om rett til grunnskoleopplæring for vaksne.

Ifølgje § 4A-1 i opplæringslova har personar over opplæringspliktig alder som treng grunnskoleopplæring, individuell rett til slik opplæring. Kommunen pliktar å gi slik opplæring til personar som ikkje har fullført grunnskolen, personar som har fullført grunnskolen, men likevel treng meir grunnskoleopplæring, og til norske borgarar så vel som utlendingar med busetjingsløyve, arbeids- og/eller opphaldsløyve eller kollektivt vern. Asylsøkjarar har ingen rett til grunnskoleopplæring for vaksne, men kan delta i opplæringa dersom kommunen har slike tiltak i gang.

Deltakarar som får undervisning i etter § 4A-1 skal førast i linjene 1..3.

1. Kor mange deltek i grunnskoleopplæring for vaksne etter § 4A-1, språklege minoritetar unnatekne?

Her registrerer ein talet på deltakarar som berre får grunnskoleopplæring for vaksne etter § 4A-1, fordelt på menn og kvinner - bortsett frå deltakarar frå språklege minoritetar. I vaksenopplæringsskjemaet definerer ein språklege minoritetar som deltakarar med eit anna morsmål enn norsk, samisk, svensk og dansk.

Dersom deltakarane i grunnskoleopplæring (språklege minoritetar unneteke) etter § 4A-1 også får opplæring etter § 4a-2 (spesialundervisning), skal deltakarane ikkje førast her, men i linje 8.

2. Kor mange frå språklege minoritetar deltek i grunnskoleopplæring for vaksne etter § 4A-1?

Her registrerer ein talet på deltakarar frå språklege minoritetar som berre får grunnskoleopplæring for vaksne etter § 4A-1, fordelte på menn og kvinner. I vaksenopplæringsskjemaet definerer ein språklege minoritetar som deltakarar med eit anna morsmål enn norsk, samisk, svensk og dansk.

Dersom deltakarane i grunnskoleopplæring (frå språklege minoritetar) etter § 4A-1 også får opplæring etter § 4A-2 (spesialundervisning), skal deltakarane ikkje førast her, men i linje 9.

3. Sum grunnskoleopplæring etter § 4A-1 (linje 1..2)
 
Deltakarar med enkeltvedtak om spesialundervisning etter § 4A-2, der all opplæring blir gitt som spesialundervisning
Her fører ein opp alle deltakarar som berre får undervisning etter opplæringslova § 4A-2, om rett til spesialundervisning på grunnskolens område.

I linjene 4..7 registrerer ein deltakarar som berre har spesialundervisning etter § 4A-2. Ifølgje § 4A-2 har vaksne som ikkje har eller ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet for vaksne, rett til spesialundervisning. Dette gjeld også vaksne som har særlege behov for opplæring for å kunne utvikle eller halde ved like grunnleggjande ferdigheiter.

Deltakarar i spesialundervisning etter § 4A-2, som også får grunnskoleopplæring etter § 4A-1 skal ikkje førast her, men i linjene (8..11).

4. Kor mange deltek i spesialundervisning etter § 4A-2, språklege minoritetar unnatekne?

Her registrerer ein talet på deltakarar med enkeltvedtak om spesialundervisning etter § 4A-2, der all opplæring blir gitt som spesialundervisning, fordelte på menn og kvinner - bortsett frå deltakarar frå språklege minoritetar. I vaksenopplæringsskjemaet definerer ein språklege minoritetar som deltakarar med eit anna morsmål enn norsk, samisk, svensk og dansk.

Dersom deltakarane med spesialundervisning etter § 4A-2 også får grunnskoleopplæring etter § 4A-1, skal deltakarane ikkje førast her, men i linje 8.

5. Kor mange frå språklege minoritetar deltek i spesialundervisning etter § 4A-2?

Her registrerer ein talet på deltakarar frå språklege minoritetar med enkeltvedtak om spesialundervisning etter § 4A-2, der all opplæring blir gitt som spesialundervisning, fordelte på menn og kvinner. I vaksenopplæringsskjemaet definerer ein språklege minoritetar som deltakarar med eit anna morsmål enn norsk, samisk, svensk og dansk.

Dersom deltakarane med spesialundervisning etter § 4A-2 også får grunnskoleopplæring etter § 4A-1, skal dei førast opp i linje 9.

6. Kor mange deltek i opplæring for vaksne etter kun § 4A-2 (i bruk til og med skoleåret 2009-10)

Det blir ikkje lenger samla inn informasjon om dette, men teksten ligg i GSI for å gjere det mogleg å hente ut historiske data

7. Sum spesialundervisning etter § 4A-2 (linje 4..6)
 
Deltakarar med enkeltvedtak om spesialundervisning etter § 4A-2, som både får ordinær grunnskoleopplæring og spesialundervisning
Deltakarar som blir førte her, skal ikkje førast i linje 1 til 7.

Her oppgir ein personar som både får undervisning etter opplæringslovens § 4A-1 om rett til grunnskoleopplæring for vaksne, og som også får spesialundervisning etter § 4A-2 i tillegg til undervisning etter § 4A-1.

8. Kor mange deltek i opplæring for vaksne etter både § 4A-1 og § 4A-2, språklege minoritetar unnatekne?

Her registrerer ein talet på deltakarar med enkeltvedtak om spesialundervisning etter § 4A-2, som både mottar grunnskoleopplæring for vaksne etter § 4A-1 og spesialundervisning etter § 4A-2, fordelte på menn og kvinner - bortsett frå deltakarar frå språklege minoritetar. I vaksenopplæringsskjemaet definerer ein språklege minoritetar som deltakarar med eit anna morsmål enn norsk, samisk, svensk og dansk.

Deltakarar som ein fører her, skal ikkje førast i linje 1 eller 4.

9. Kor mange frå språklege minoritetar deltek i opplæring for vaksne etter både § 4A-1 og § 4A-2?

Her registrerer ein talet på deltakarar frå språklege minoritetar med enkeltvedtak om spesialundervisning etter § 4A-2, som både mottar grunnskoleopplæring for vaksne etter § 4A-1 og spesialundervisning etter § 4A-2, fordelte på menn og kvinner. I vaksenopplæringsskjemaet definerer ein språklege minoritetar som deltakarar med eit anna morsmål enn norsk, samisk, svensk og dansk.

Deltakarar som ein fører her, skal ikkje førast i linje 2 eller 5.

10. Kor mange deltek i opplæring vor vaksne etter både § 4A-1 og § 4A-2? (i bruk til og med skoleåret 2009-10)
 
11. Sum opplæring etter både § 4A-1 og § 4A-2 (linje 8..10)
 
Talet på deltakarar i vaksenopplæring på grunnskoleområdet
12. Sum talet på deltakarar i vaksenopplæring på grunnskoleområdet (linje 3+7+11)
 
Asylsøkjarar som deltek i vaksenopplæring på grunnskolens område
 
13. Talet på asylsøkjarar (og dei som har vore asylsøkjarar, men som framleis venter på busetjing) i alderen 16-18 år

1.     Her registrerer ein talet på asylsøkjarar (og dei som har vore asylsøkjarar, men som framleis venter på busetjing) i alderen 16-18 år som får vaksenopplæring på grunnskoleområdet. Asylsøkjarar skal også registerast i linje 1-12 (dvs. at dei skal registerast saman med alle deltakarane ved opplæringsinstitusjonen/eininga).


Aldersfordeling på deltakarar, språklege minoritetar unnatekne, med opplæring etter § 4A-1 og/eller § 4A-2

Her registrerer ein talet på deltakarar som får opplæring etter § 4A-1 og § 4A-2, unnateke elevar frå språklege minoritetar. Fordelte på aldersgrupper, kjønn og om dei får opplæring berre etter § 4A-1 eller berre etter § 4A-2, eller etter både § 4A-1 og § 4A-2. Alderfordelinga til elevar frå språklege minoritetar skal registrerast i linjene (19..23).

Linje 14. - 18.
Her registrerer ein talet på deltakarar, unnateke deltakarar frå språklege minoritetar, fordelte på aldersgrupper, kjønn og om dei får opplæring berre etter § 4A-1, berre etter § 4A-2, eller etter både § 4A-1 og § 4A-2.

Aldersfordelinga til deltakarar frå språklege minoritetar registrerer ein i linjene (19..23).
Aldersfordeling på deltakarar frå språklege minoritetar med opplæring etter § 4A-1 og/eller § 4A-2

Linje 19. - 23.
Her registrerer ein talet på deltakarar frå språklege minoritetar, fordelte på aldersgrupper, kjønn og om dei får opplæring berre etter § 4A-1, berre etter § 4A-2, eller etter både § 4A-1 og § 4A-2. I vaksenopplæringsskjemaet definerer ein språklege minoritetar som deltakarar med eit anna morsmål enn norsk, samisk, svensk og dansk.
Realkompetansevurdering
 
24. Hvor mange av deltakerne i linje 12 har blitt realkompetansevurdert etter et enkeltvedtak om dette jf. forskrift til opplæringsloven § 4-13

1.    Her registrerer ein alle deltakarane som er blitt realkompetansevurderte etter eit enkeltvedtak om dette, jf. forskrift til opplæringslova § 4-13. Sjå Utdanningdirektoratets retningslinjer for realkompetansevurdering av vaksne i grunnskolen om du ønskjer å vite meir om realkompetansevurdering.

Deltakarar som blir førte herskal vere registrerte i linje 12 på same opplæringseining.

Alle deltakarar registrerte i linje 12 på opplæringseininga som har blitt realkompetansevurderte skal førast her, uavhengig av når vurderinga vart gjennomført, og om ho førte til godkjenning av fag.

    - Deltakarar i linje 12 som blir finansierte av andre kommunar, skal også førast her.

Talet i linje 24 skal ikkje vere større enn linje 12.

Sidan både kommunen sentralt og skolane kan fylle ut feltet, må kommunen sjå til at deltakarar som har blitt realkompetansevurderte, ikkje blir dobbeltrapporterte eller underrapporterte.
Kor mange av deltakarane førte opp i linje 12, blir finansierte av ein annan kommune
 

Talet på deltakarar i vaksenopplæringa etter § 4A-1 og § 4A-2 som er folkeregistrert i andre kommunar, og dermed blir finansiert av andre kommunar.

25. Sum deltakarar finansierte av andre kommunar
Skolen/institusjonen/kommunen skal registrere kor mange deltakarar som blir finansierte av ein annan kommune.

Skolen deltakarane går på (ev. kommunen dersom undervisninga går føre seg sentralt), skal føre kommunen som er økonomisk ansvarleg i linje 25. Kommunen er ansvarleg for å sjå til at talet på deltakarar som blir finansierte av ein annan kommune, verken blir underrapporterte eller talde dobbelt i GSI.

B. Årstimar
Her skal ein gi opplysningar om årstimar, slik det er planlagt per 1. oktober. Rekn både med det som er brukt fram til 1. oktober, og det som er planlagt for resten av skoleåret. Årstimane fører ein opp i 60 minutts einingar. Ressursar i tilknyting til alle registrerte deltakarar skal vere med, uavhengig av om dei er folkeregistrerete i ein annan kommune.

Alle årstimar skal førast i 60 minutts einingar.

Det er berre tida der læraren underviser deltakarar, som skal registrerast (leseplikta).

GSI spør berre etter undervisningstimane og eventuelt timar til arbeidsoppgåver som fører til reduksjon i årsramma for undervisning.

GSI registrerer den faktiske tilstanden ved opplæringsinstitusjonen. Dette inneber at der disponerte timar avvik frå tildelte timar frå skoleeigaren, skal disponerte timar leggjast til grunn for utfyllinga.

Årstimar til undervisning
Vaksenopplæringskalkulatoren kan brukast til å berekne årstimar baserte på årsverk, dersom eininga berre veit talet på årsverk til undervisningspersonale.
1. undervisningspersonale med godkjend utdanning

Her fører ein årstimar som går med til undervisning ved vaksenopplæringsinstitusjonen i inneverende skoleår av personale med godkjend lærarutdanning som utfører undervisningsoppgåver.

Undervisningspersonale med godkjend utdanning er ein person som anten har pedagogisk bakgrunn i samsvar med krava i rammeplanane for lærarutdanningane med forskrifter, eller har tilsvarande kompetanse, jf forskrift til opplæringslova § 14-1, første ledd.

2. undervisningspersonale utan godkjend utdanning

Her fører ein årstimar som går med til undervisning ved vaksenopplæringsinstitusjonen i inneverende skoleår av undervisningspersonale utan formell pedagogisk kompetanse, og som utfører undervisningsoppgåver.

Dersom assistentar utfører undervisningsoppgåver, blir dei rekna som undervisningspersonell utan godkjend utdanning. Dei skal da førast her og ikkje i ramme C linje 11.

3. Sum årstimar til undervisning utførte av undervisningspersonale (linje 1..2)
 
4. ordinær grunnskoleopplæring etter § 4A-1?

Her fører ein årstimar som går til grunnskoleopplæring etter § 4A-1, og som blir rekna som undervisning.

Årstimar fører ein i 60 minutts einingar.

5. spesialundervisning etter § 4A-2?

Her fører ein årstimar som går til spesialundervisning etter § 4A-2, og som blir rekna som undervisning.

Årstimar fører ein i 60 minutts einingar.

Andre årstimar utførte av undervisningspersonale
Her fører ein årstimar til reduksjon i årsramme til undervisning på grunn av andre oppgåver.

Vaksenopplæringskalkulatoren kan brukast til å berekne årstimar baserte på årsverk, dersom eininga berre veit talet på årsverk til undervisningspersonale.

Eksempel på oppgåver som kan føre til fråtrekk i undervisningsplikta er: tidsressurspott, seniortiltak, pedagogisk og sosialpedagogisk rettleiing, vikartimar som ein del av stillinga til lærarar tilsette ved skolen (beredskapsressursar) og anna pedagogisk arbeid for å fylle opp stillinga si årsramme for leseplikttid.
Her fører ein årstimar til reduksjon i årsramma til undervisning på grunn av andre oppgåver.
6. Andre årstimar utførte av undervisningspersonale
 
Sum årstimar utførte av undervisningspersonale
7. Sum årstimar i grunnskoleopplæring, spesialundervisning og andre årstimar (linje 3+6)
 
C. Årsverk
Årsverk i tilknyting til alle deltakarar etter § 4A-1 og § 4A-2 skal vere med, uavhengig av om dei er folkeregistrerte i ein annan kommune og uavhengig av kven som finansierer opplæringa. Årsverk (i stillingsprosent) skal fordelast mellom dei ulike oppgåvene dei tilsette har. Ressursar det er vanskeleg å fordele, fører ein opp etter skjønn.

Merk at årsverka skal teljast i stillingsprosent, dvs. at eitt årsverk skriv ein som 100.

Ein person som til dømes har halv stilling som rektor og halv stilling som undervisningspersonell, skal registrerastast med 50 på rektor og 50 på undervisning, men under "Talet på undervisningspersonale" (linje 13) registrerer ein all bemanning ved institusjonen/kommunen sentralt samla.

Dvs. at dersom tilsette er knytte til ulike arbeidsområde, skal dei berre teljast ein gong under "Talet på undervisningspersonale".

Årsverk av undervisningspersonale reknar ein ut ved hjelp av årstimane og vaksenopplæringssenteret sitt gjennomsnittlege leseplikttal.

Frå årstimar til årsverk: For å berekne talet på årsverk basert på årstimar bruker ein følgjande formel: Årstimar * 100 / gjennomsnittleg leseplikttal.

Årsverkskalkulatoren kan brukast til å berekne årsverk baserte på årstimar, dersom vaksenopplæringsinstitusjonen berre veit talet på årstimar til undervisningspersonale.

Årsverk til administrative og pedagogiske leiaroppgåver, i stillingsprosent (1 årsverk = 100)
Linje 1. - 3.

Omfattar den samla tidsressursen som er sett av til administrative og pedagogiske leiaroppgåver etter SFS2213. I vaksenopplæringa er det ikkje alltid tilsett rektor, slik at det er ein annan som tek seg av dei administrative og pedagogiske leiaroppgåvene. Desse årsverka fører ein eventuelt også her.

Årsverk til undervisning, i stillingsprosent (1 årsverk = 100)
Årsverk i stillingsprosent. Vaksenopplæringskalkulatoren kan brukast til å berekne årsverk baserte på årstimar, dersom eininga berre veit talet på årstimar til undervisningspersonale.
4. undervisningspersonale med godkjend utdanning

Her fører ein årsverk av personale med godkjend lærarutdanning som utfører undervisningsoppgåver.

Undervisningspersonale med godkjend utdanning er ein person som anten har pedagogisk bakgrunn i samsvar med krava i rammeplanane for lærarutdanningane med forskrifter, eller har tilsvarande kompetanse, jf forskrift til opplæringslova § 14-1, første ledd.

Årsverkskalkulatoren kan brukast til å berekne årsverk baserte på årstimar, dersom vaksenopplæringsinstitusjonen berre veit talet på årstimar til undervisningspersonale.

5. undervisningspersonale utan godkjend utdanning

Her fører ein årsverk som går med til undervisning ved vaksenopplæringsinstitusjonen i inneverande skoleår av undervisningspersonale utan formell pedagogisk kompetanse, og som utfører undervisningsoppgåver.

Dersom assistentar utfører undervisningsoppgåver, blir dei rekna som undervisningspersonell utan godkjend utdanning. Dei skal da førast her og ikkje i ramme C linje 11.

Årsverkskalkulatoren kan brukast til å berekne årsverk baserte på årstimar, dersom vaksenopplæringsinstitusjonen berre veit talet på årstimar til undervisningspersonale.
6. Sum årsverk til undervisning utført av undervisningspersonale (linje 4..5)
 
7. ordinær grunnskoleopplæring etter § 4A-1?

Her fører ein årsverk som går til grunnskoleopplæring etter § 4A-1, og som blir rekna som undervisning.

Årsverkskalkulatoren kan brukast til å berekne årsverk baserte på årstimar, dersom vaksenopplæringsinstitusjonen berre veit talet på årstimar til undervisningspersonale.
8. spesialundervisning etter § 4A-2?
Her fører ein årsverk som går til spesialundervisning etter § 4A-2, og som blir rekna som undervisning.

Årsverkskalkulatoren kan brukast til å berekne årsverk baserte på årstimar, dersom vaksenopplæringsinstitusjonen berre veit talet på årstimar til undervisningspersonale.
Årsverk utførte av undervisningspersonale til anna enn undervisning, i stillingsprosent (1 årsverk = 100)
Årsverk i stillingsprosent. Vaksenopplæringskalkulatoren kan brukast til å berekne årsverk baserte på årstimar, dersom eininga berre veit talet på årstimar til undervisningspersonale. .
Eksempel på oppgåver som kan føre til fråtrekk i undervisningsplikta er: tidsressurspott, seniortiltak, pedagogisk og sosialpedagogisk rettleiing, vikartimar som ein del av stillinga til lærarar tilsette ved skolen (beredskapsressursar) og anna pedagogisk arbeid for å fylle opp stillinga si årsramme for leseplikttid.
9. Årsverk utførte av undervisningspersonale til anna enn undervisning
 
Berekna årsverk utførte av undervisningspersonale totalt, i stillingsprosent (1 årsverk = 100)
 
10. Sum årsverk undervisningspersonale
(linje 6+9)
 
Årsverk utførte av andre enn undervisningspersonale, i stillingsprosent (1 årsverk = 100)
Her fører ein årsverk utførte av assistentar og kontorteknisk personale. Assistentkalkulatoren kan brukast til å berekne årsverk baserte på årstimar, dersom skolen berre veit talet på årstimar til assistent.
11. Assistentar

Her skal årsverk til assistent registrerast. Assistentkalkulatoren kan brukast til å berekne årsverk baserte på årstimar, dersom skolen berre veit talet på årstimar til assistent. Dersom ein skole har gjort om tildelte lærartimar til assistenttimar, skal desse registrerast her.

Dersom assistentar utfører undervisningsoppgåver, blir dei ikkje rekna som assistentar, men som undervisningspersonell utan godkjend utdanning.

Tid til assistentar som berre utfører helsetenester, skal ikkje takast med. Vaktmeistertenester og lærlingar skal heller ikkje registrerast.

12. Kontorteknisk personale

Årsverk, i stillingsprosent, til kontorteknisk personale

Talet på undervisningspersonale
13. Talet på undervisningspersonale

Her registrerer ein talet på personar som utfører undervisningsoppgåver i vaksenopplæringsinstitusjonen/kommunen sentralt i samband med deltakarar som får opplæring etter § 4A-1 og § 4A-2. Kvar person skal ikkje registrerast meir enn éin gong i linje 13, sjølv om vedkommande arbeider på ulike område.

D. Spesialundervisning etter enkeltvedtak på grunnlag av § 4A-2 i opplæringsloven
I denne ramma fører ein deltakarar som har fått enkeltvedtak om spesialundervisning, jf. opplæringsloven § 4A-2, § 5-1 og § 5-6. Alle deltakarar som går på opplæringsinstitusjonen/eininga, skal registrerast, sjølv om deltakaren er folkeregistrert i ein annan kommune.

Her registrerer kommunen (ev. opplæringsinstitusjonen) og all timetildeling til spesialundervisning på grunnlag av enkeltvedtak.

Deltakarar som blir plasserte i D, skal vere registrerte i ramme A ved same skole.

Kommunen må sjå til at talet på undervisningstimar og talet på deltakarar som får spesialundervisning med undervisningspersonale/assistentar, ikkje blir dobbeltrapporterte eller underrapporterte.

Talet på deltakarar som får tildelt timar til spesialundervisning med undervisningspersonale

Med tildelte timar er det her snakk om det talet på timar den enkelte deltakaren har fått enkeltvedtak på. Den enkelte deltakaren skal registrerast innanfor intervalla opptil 75, 76-190, 191-270, 271 eller meir, og 76-270 timar (à 60 minutt) per år.

Deltakarar som også er tildelte timar med assistentar, skal i tillegg registrerast i linje 7..12. Dette gjer at talet på deltakarar i linje 6 pluss deltakarar i linje 12 vil kunne vere større enn det samla talet på deltakarar i spesialundervisning registrert i linje 7 og linje 11 i ramme A.

Alle årstimane skal registrerast i 60 minutts einingar.

Linje 1. - 6.

Her registrerer ein talet på deltakarar som har fått tildelt timar til spesialundervisning med undervisningspersonale, gruppert etter tildelte timar per år. Med tildelte timar meiner ein her det timetalet den enkelte deltakaren har fått enkeltvedtak på. Den enkelte deltakar skal registrerast innanfor intervalla 1-75, 76-190, 191-270, 271 timar eller meir per år.

Deltakarar som også er tildelte timar med assistentar, skal i tillegg registrerast i linje 7..12. Dette fører til at talet på deltakarar i linje 6 pluss deltakarar i linje 12 vil kunne vere større enn det samla talet på deltakarar i spesialundervisning registrerte i linje 7 og linje 11 i ramme A.

Alle årstimane skal registrerast i 60 minutts einingar.

Talet på deltakarar som får tildelt timar med assistentar som del av enkeltvedtaket om spesialundervisning

Her registrerer ein talet på deltakarar som har fått tildelt timar til spesialundervisning på grunnlag av enkeltvedtak, med assistentar, gruppert etter tildelte timar per år. Med tildelte timar er det her snakk om det talet på timar den enkelte deltakaren har fått enkeltvedtak på. Den enkelte deltakaren skal registrerast innanfor intervalla opptil 75, 76-270 eller 271 (à 60 minutt) timar per år eller meir.

Deltakarar som også er tildelt timar med undervisningspersonalet, skal i tillegg registrerast i linje 1..4. Dette gjer at talet på deltakarar i linje 6 pluss deltakarar i linje 12 vil kunne vere større enn det samla talet på deltakarar i spesialundervisning registrert i linje 7 og linje 11 i ramme A.

Alle årstimane skal registrerast i 60 minutts einingar.

Linje 7. - 12.

Her registrerer ein talet på deltakarar som har fått tildelt timar til spesialundervisning på grunnlag av enkeltvedtak med assistentar, grupperte etter tildelte timar per år. Med tildelte timar meiner ein her det timetalet den enkelte deltakar har fått enkeltvedtak på. Den enkelte deltakar skal registrerast innanfor intervalla 1-75, 76-270 eller 271 timar eller meir per år.

Deltakarar som også er tildelte timar med undervisningspersonale, skal i tillegg registrerast i linje 1..4. Dette fører til at talet på deltakarar i linje 6 pluss deltakarar i linje 12 vil kunne vere større enn det samla talet på deltakarar i spesialundervisning registrerte i linje 7 og linje 11 i ramme A.

Alle årstimane skal registrerast i 60 minutts einingar.

E. Opplæringsstad og tid
Undervisningsstad

Her fører ein opp kvar opplæringa går føre seg. Det er mogleg å svare ja på fleire linjer.

Linje 1. - 6.

Her fører ein kvar opplæringa går føre seg. Det er mogleg å svare ja på fleire linjer.
Undervisningstid

Linje 7. - 8.
Her fører ein kva tidspunkt undervisninga går føre seg. Det er mogleg å svare ja på fleire linjer.
F. Korona
Her skal det registrerast opplysningar som er relaterte til den noverande koronasituasjonen. Dette feltet er nytt for innsamlinga 2020-21. For skoleåret 2019-20 vart det i juni 2020 opna ei ekstraordinær GSI-innsamling for grunnskular og vaksenopplæringsinstitusjonar, men fleire av spørsmåla har blitt endra eller fjerna i samanheng med hovudinnsamlinga i GSI hausten 2020.
Raudt nivå
1. Har skolen måtta innføre raudt nivå i smitteverntiltak på eit tidspunkt frå skolestart fram til 1. oktober?

Raudt nivå vert definert ut frå nivåinndelinga av smitteverntiltak frå Folkehelseinstituttet (trafikklysmodell). På raudt nivå skal elevane delast inn i mindre grupper og kohortar, og det kan vere naudsynt å avgrense oppmøte på skoler. Skolene må vurdere ulike oppmøtetider for elevane og sørgje for at elevane og tilsette held avstand til kvarandre.
Lærarar med fråver i veke 39 (21.-25. september)
Her skal det registrerast tal på lærarar som hadde minst éin fråversdag i veke 39 (21.-25. september). Kvar lærar skal kun teljast éin gong. Registrer viktigaste årsak/éi av årsakene.
 
2. I risikogruppe
 
3. I karantene eller isolering
 
4. Luftvegssymptom
 
5. Andre årsaker
 
6. Sum lærarar med fråver (linje 2..5)
 
Deltakarar med fråver i veke 39 (21.-25. september)
Her skal det registrerast tal på deltakarar som hadde minst éin fråversdag i veke 39 (21.-25. september). Kvar deltakar skal kun teljast éin gong. Registrer viktigaste årsak/éi av årsakene.
7. I risikogruppe
 
8. I karantene eller isolering
 
9. Luftvegssymptom
 
10. Andre årsaker
 
11. Sum deltakarar med fråver (linje 9..12)
 
Tilbyr skolen eit alternativt opplæringstilbod heime for deltakarar som har fråver på grunn av smitte, karantene eller isolering?
Ved varierande praksis registrerar skolen kor lang tid det vanlegvis tek før deltakarar med fråver får eit alternativt opplæringstilbod heime. Utdjup gjerne i merknadsfeltet.
12. Tilbyr skolen eit alternativt opplæringstilbod heime for deltakarar som har fråver på grunn av smitte, karantene eller isolering?
 
Eige korona-merknadsfelt
Eige korona-merknadsfelt
Merknadsfeltet kan brukast til å gi utfyllande informasjon. Feltet er ikkje offentleg tilgjengeleg, då det i nokre tilfelle inneheld teiepliktige opplysingar.