GSI19, Kulturskole
Generelt

Det er tilstanden ved den enkelte musikk- og kulturskole per 1. oktober som skal danne grunnlaget for utfyllinga.

Adresser på dei einingar som ligg i Nasjonalt Skoleregister (http://nsr.udir.no/) vil automatisk bli henta inn i GSI. Det er derfor ikkje mogleg å endre adressedata direkte i skjema. Dersom adressedata skal endrast, må det sendast ei melding til SSB om dette. Det gjer du ved å klikke på knappen "Adresse" i toppen av skjemaet. Da vil det komme opp eit skjema der ein skriv på endringane og klikkar Send. Dermed vil SSB oppdatere Virksomhets- og foretaksregisteret og Enhetsregisteret i Brønnøysund. Deretter blir data overførte til NSR, og neste dag vil GSI hente data frå NSR. Data skal da være oppdaterte i GSI.

Einingar som driftar eit interkommunalt samarbeid, skal under "Driftsform" velje "Drifter interkommunal teneste". Dersom ein annan kommune driftar det interkommunale samarbeidet, skal kommunen velje "Deltek i interkommunal teneste".

Dersom en kommune deltek i eit interkommunalt samarbeid som blir drifta av ein annen kommune, men likevel bidreg med årstimar/årsverk inn i samarbeidet, skal det førast på den kommunen som driftar samarbeidet.

A. Elevar og skolepengar

Ein elev på kulturskolen er definert som ein som får eit fast tilbod i eit semester eller lenger. Personar som deltek på kortare prosjekt/kurs, skal ikkje registrerast som elevar her. Det skal heller ikkje førast personar som er i kontakt med kulturskolen gjennom ein annan institusjon (for eksempel skole, SFO, korps og liknande.

Einingar som driftar interkommunal teneste, skal i linje 1-10 føre alle elevar frå eigen kommune, og elevar frå andre kommunar. Elevar frå andre kommunar skal i tillegg førast i A11 eller A12.

Elevtal og venteliste
Ein elev skal teljast ein gong.

Kulturskoleelevar er barn, unge eller vaksne som får opplæring innafor kjerneverksemda til kulturskolen. Ein kulturskoleelev kan ha fleire elevplassar, men skal i linje 1..3 registrerast berre éin gong.

Med elevar på venteliste til skolen meiner ein personar som har søkt om plass ved skolen, og som på andre måtar fyller vilkåra for å bli tekne opp som elev ved skolen, men som skolen ikkje har kapasitet til å gi undervisning. Som resten av GSI er teljedato for ventelister også 01.10. Elevar som allereie får eit tilbod ved skolen, men som søkjer om fleire eller ein annan type elevplass, skal ikkje reknast med her.

Linje 1. - 4.
Elevtal og venteliste for elevar som deltek/står på venteliste for å delta på kurs som varer i eitt semester eller lenger. Ein kulturskoleelev kan ha fleire elevplassar, men skal i linje 1..3 registrerast berre ein gong.

Med elevar på venteliste til skolen meiner ein personar som har søkt om plass ved skolen, og som på andre måtar fyller vilkåra for å bli teken opp som elev ved skolen, men som skolen ikkje har kapasitet til å gi undervisning. Som resten av GSI er teljedato for ventelister også 1. oktober. Elevar som allereie får eit tilbod ved skolen, men som søkjer om fleire plassar eller ein annan type elevplass, skal ikkje reknast med her.

Elevplassar
Ein elev kan ha fleire plassar. Dersom ein elev har søkt om fleire enn to plassar, skal maksimalt to av desse førast på venteliste.

Her fører ein talet på elevplassar på kurs som varer i eitt semester eller lenger, altså elevar som er førte i linje 1..3. Totalsummen i linje 10 kan avvike frå linje 4 da nokre elevar kan ha fleire plassar. Elevar som er førte i linje 13, skal ikkje førast her.

Med venteliste til elevplass meiner ein talet på søkjarar på ein elevplass, som elles oppfyller vilkåra for å få plass, men som skolen ikkje har kapasitet til å tilby den ønskte elevplassen. Som resten av GSI er teljedato for ventelister også 1. oktober. Elevar som får undervisning ved skolen, men som ønskjer eit anna tilbod, og søkjarar til skolen som ikkje har fått nokon elevplass, skal førast her.

Dersom eleven har søkt to aktivitetar og står på venteliste på begge, skal det førast som to plassar. Dersom eleven har fått ein av plassane, skal det førast som venteliste på éin plass. Dersom ein elev har søkt om fleire enn to plassar, skal maksimalt to av desse førast på venteliste.

5. Musikkundervisning

Elevplassar til undervisning i musikk og instrumentundervisning.

6. Visuelle kunstfag

Elevplassar til undervisning i visuelle kunstfag.

7. Teater

Elevplassar til undervisning i teater og drama.

8. Dans

Elevplassar til undervisning i dans.

9. Andre kunst- og kulturuttrykk

Elevplassar som er knytte til tilbod som ikkje kan plasserast i kategoriane over.

10. Sum elevplassar (linje 5..9)
 
Elevar frå andre kommunar som deltek i interkommunalt samarbeid
Til og med skoleåret 2011-12 omfatta desse tala alle elevar frå andre kommunar (både i og utanfor interkommunalt samarbeid)
Her registrerer ein elevar på kulturskolen som kjem frå kommunar som er med på å drifte tilbodet. Dersom kommunane ikkje samarbeider om kulturskolar, skal elevane til kommunane førast opp under "Elevar frå andre kommunar som ikkje deltek i interkommunalt samarbeid"
11. Sum elevar frå andre kommunar som deltek i interkommunalt samarbeid

Her registrerer ein elevar på kulturskolen som er oppførte tidlegare i ramme A, men som er busette i ein annan kommune som deltek i interkommunalt samarbeid.
Dersom kommunane ikkje samarbeider om kulturskolar, skal elevane til kommunane førast under "Elevar frå andre kommunar som ikkje deltek i interkommunalt samarbeid".

Elevar frå andre kommunar som ikkje deltek i interkommunalt samarbeid

12. Sum elevar frå andre kommunar

Her registrerer ein elevar på kulturskolen som er oppførte tidlegare i ramme A, men som er busette i ein annan kommune som ikkje deltek i interkommunalt samarbeid. Dersom kommunane samarbeider om kulturskolar, skal elevane til kommunane førast under "Elevar frå andre kommunar som deltek i interkommunalt samarbeid".

Elevar som deltar på/kommer til å delta på tilbud med varigheten på under ett semester
Desse kjem i tillegg til elevar registrerte i linje 1..4, og skal derfor ikkje teljast med i linje 5..10
13. Elevar som deltar på/kommer til å delta på tilbud med varigheten på under ett semester
Her registrerer ein talet på elevplassar på kurs/prosjekt som kulturskolen har planlagt for inneverande skoleår. Som kurs/prosjekt reknar ein tilbod som har ei kortare tidsramme enn eit semester.
Skolepengar
14. Høgaste skolepengesats per elevplass for heile skoleåret

Her fører ein opp skolepengesats for heile skoleåret basert på sats pr 1. oktober, utan noka form for moderasjon eller friplassordning.

Materialkostnader og instrumentleige skal ikkje takast med i satsen.

15. Er skolepengesatsen inntektsgradert?

Her skal det opplysast om det er vedteke å ha inntektsgraderte satsar.

16. Har ordninga friplassar?

Her skal det opplysast om det er vedteke å ha friplassar.

17. Har ordninga syskenmoderasjon?

Her skal det opplysast om det er vedteke å ha syskenmoderasjon.

B. Årstimar
Her skal ein gi opplysningar om årstimar, slik det er planlagt per 1. oktober. Rekn både med det som er brukt fram til 1. oktober, og det som er planlagt for resten av skoleåret. Årstimane fører ein opp i 60 minutts einingar.
Under «Årstimar» fører ein opp nøyaktig undervisningstid per veke gonga med talet på veker. Det vil seie det totale talet på årstimar i løpet av eit år. Alle årstimar til undervisning skal førast opp i 60 minutts einingar. «Årstimar» skal ikkje inkludere for- og etterarbeid, men berre timar til undervisning.
Årstimar utførte av undervisningspersonale retta mot kulturskolens elevar
Kulturskolekalkulatoren kan brukast til å berekne årstimar baserte på årsverk, dersom eininga berre veit talet på årsverk til kulturskolelærare.

Her fører ein timetalet til verksemd retta mot elevane på kulturskolen. Viss skolen gir undervisning til blanda grupper med elevar under grunnskolealder, elevar i grunnskolealder eller elevar over grunnskolealder, fordeler ein årstimane i dei tre kolonnane relativt til talet på elevar frå kvar aldersgruppe.

Alle årstimane skal registrerast i 60 minutts einingar.

1. Musikkundervisning

Årstimar til musikk- og instrumentundervisning.

2. Visuelle kunstfag

Årstimar til undervisning i visuelle kunstfag.

3. Teater

Årstimar til undervisning i teater og drama.

4. Dans

Årstimar til undervisning i dans.

5. Andre kunst- og kulturuttrykk

Årstimar som er knytte til tilbod som ikkje kan plasserast i kategoriane over.

6. Timar til andre aktivitetar

Her fører ein årstimar som blir brukte til akkompagnering, arrangering, inspisientar, regissørar, produsentar, fagleg utviklingsarbeid og anna verksemd retta mot elevane på kulturskolen.

7. Sum årstimar (linje 1..6)
 
Årstimar utførte av undervisningspersonale til aktivitetar som ikkje er retta mot kulturskolens elevar
Kulturskolekalkulatoren kan brukast til å berekne årstimar baserte på årsverk, dersom eininga berre veit talet på årsverk til kulturskolelærare.
8. Årstimer til tiltak som helt eller delvis utgiftsføres i kulturskolen

Her fører ein tiltak innanfor barnehage, grunnskole og vidaregåande opplæring og timar til dirigering og instruering av grupper med elevar der kor, korps, orkester og andre lag/foreiningar delvis kjøper eller får timar av kulturskolen.

9. Årstimar som heilt skal utgiftsførast andre stader enn i kulturskolen

Her fører ein kjøp av kulturskolen sine tenester frå andre som fullt og heilt blir betalte av andre

10. Sum (linje 8+9)
 
C. Årsverk
Årsverk (i stillingsprosent) blir fordelte mellom dei ulike oppgåvene dei tilsette har. Ressursar det er vanskeleg å fordele, fører ein opp etter skjønn.

«Årsverk» skal teljast i stillingsprosent. Eit årsverk er 100 prosent. For eksempel vil ein rektor som har 50 prosent undervisning, registrerast 50 prosent på rektor og 50 prosent på undervisning.

Dersom ein lærar underviser ved fleire skolar, skal skolen berre føre opp den delen av årsverket som blir utført ved sin skole. Ein lærar i full stilling som underviser 40 prosent ved skole A og 60 prosent ved skole B, skal registrerast med 40 prosent ved skole A og 60 prosent ved skole B. Dersom læraren har halv stilling, skal ein registrere 20 prosent ved skole A og 30 prosent ved skole B. Årstimedelen som er utført ved dei forskjellige skolane, skal registrerast på same måten.

Tilsette på engasjement skal førast på same måten som fast tilsette. Dersom dei er tilsette på andre vilkår enn faste tilsette, er det dei reelle vilkåra dei har, som skal førast. Dersom ein ikkje har førebuingstid, skal det reknast ordinært årsverk (altså ikkje lærarårsverk). For årstimar fører ein talet på timar dei underviser gonga veketalet på kurset.

Årsverk i administrasjon ved skolen, i stillingsprosent (1 årsverk = 100)
1. rektor og/eller inspektør

Berre rektor og/eller inspektør skal førast her. Prosjektleiarar o.l. fører ein under årsverk lenger ned i skjemaet. Dersom kulturskolen deler administrasjon med andre, skal det vurderast kor mange årsverk som blir brukte til kulturskolen.

2. kontorhjelp

Her skal ein oppgi kontorhjelp berre dersom vedkommande er tilsett i kulturskolen.

3. Årsverk til administrasjon og anna (linje 1..2)
 
Årsverk utførte av undervisningspersonale retta mot kulturskolens elevar, i stillingsprosent (1 årsverk = 100)
Kulturskolekalkulatoren kan brukast til å berekne årsverk baserte på årstimar, dersom eininga berre veit talet på årstimar til kulturskolelærare.
4. Årsverk til opplæring av elevar ved kulturskolen
Her fører ein årsverk til verksemd retta mot kulturskolens elevar.
Årsverk utførte av undervisningspersonale til aktivitetar som ikkje er retta mot kulturskolens elevar, i stillingsprosent (1 årsverk = 100)
Her fører ein årsverk registrerte ved kulturskolen utover verksemd retta mot elevane på kulturskolen. Kulturskolekalkulatoren kan brukast til å berekne årsverk baserte på årstimar, dersom eininga berre veit talet på årstimar til undervisningspersonale.
Dette er opplæring som ikkje er retta mot kulturskolens elevar, men mot institusjonar.

Dersom årsverk delvis blir refundert, skal den delen av årsverket som blir refundert, førast under "Årsverk refunderte av samarbeidspartnar", mens resten skal førast under "Årsverk finansierte av kulturskolen".

Bruk gjerne merknadsfeltet til å beskrive "Anna".
Linje 5. - 12.
 
Berekna årsverk ved skolen totalt, i stillingsprosent (1 årsverk = 100)
13. Sum årsverk ved skolen (linje 3 + 4 + 12)
 
Talet på tilsette

Her fører ein berre tilsette på kulturskolen som fyller ut skjemaet. Dersom kommunar som driftar eigen kulturskole samarbeider, kan dette synleggjerast i merknadsfeltet.

Linje 14. - 15.