GSI19, Grunnskoleskjema
Generelt


Til skolene:

Adresser på dei einingane som ligg i Nasjonalt Skoleregister (http://nsr.udir.no/), vil automatisk bli henta inn i GSI. Det er derfor ikkje mogleg å endre adressedata direkte i skjema. Dersom adressedata skal endrast, må det sendast ei melding til SSB om dette. Det gjer du ved å klikke på knappen "Adresse" i knapperada. Da vil det komme opp eit skjema der ein skriv på endringane og klikkar Send. Dermed vil SSB oppdatere Virksomhets- og foretaksregisteret og Enhetsregisteret i Brønnøysund. Deretter blir data overførte til NSR, og neste dag vil GSI hente data frå NSR. Data skal da vere oppdaterte i GSI.

Under SFO skal ein registrere "Ja" dersom ein har tilbod om SFO. Uavhengig av om elevane nyttar seg av tilbodet.


Merknadsfeltet kan brukast til å gi utfyllande informasjon. Feltet er ikkje offentleg tilgjengeleg, da det i nokre tilfelle inneheld teiepliktige opplysningar.

Til skoleeigar/kommune:

Dei fleste opplysningane blir registrerte på skolenivå. Det som er registrert på skolane, skal ikkje registrerast på kommunen sentralt, sidan det blir dobbeltregistrering. Opplysningar om PPT (i ramme K) skal likevel fyllast ut på kommunen sentralt. Det kan også vere andre opplysningar som ikkje passar å registrere på skolenivå, til dømes registrerer nokre kommunar lærarressursar til særskild språkopplæring på kommunen sentralt i staden for på skolenivå.

Tal frå skolane og tal for kommunen sentralt blir summerte opp og viste på kommunenivå.



 

A. Elevar og timar

Alle elevar som går på skolen, skal registrerast, sjølv om eleven er folkeregistrert i ein annan kommune. Elevar som er mellombels ved ein skole/ei eining, skal berre førast på den skolen der eleven er teken inn, jf. opplæringslova § 8-1. Dersom det er planlagt at eleven skal gå på ein annan skole ut skoleåret eller lenger, skal eleven førast på den skolen vedkommande faktisk går på det skoleåret.

Elevar ved skolen
Timar til fysisk aktivitet og leksehjelp skal ikkje førast her under "Skolens/kommunens timetalsfordeling", men i ramme H.
Under "skolens/kommunens timetalsfordeling" fører skolen elevtimar, det vil seie kor mange årstimar elevane får på kvart trinn. Dette blir summert opp til eit totalt timetal for 1.-7. årstrinn, 8.-10 årstrinn og totalt for skolen. For timetal blir desimalar under 0,50, for eksempel 0,33, runda nedover. Dette kan føre til ein time for lite for nokre skolar. Dersom skolen får feil tal på grunn av desimalen, kan det i staden førast ein heil time meir på eitt av trinna, slik at totalen på barne- og ungdomstrinnet blir korrekt.
Linje 1. - 12.

Skolar fører berre opp elevar som er registrerte ved skolen per 1. oktober. Elevar som har eit delt undervisningstilbod mellom fleire skolar, skal fyllast ut der dei er registrerte/innskrivne. Elevar som er plasserte i ramme D eller E, skal vere registrerte i ramme A ved same skole. For eksempel skal ein elev som får spesialundervisning på ein annan skole, førast i ramme D på same skole som eleven er ført på i ramme A. Kommunen er ansvarleg for å sjå til at elevar ikkje er førte dobbelt.

Kommunen sentralt fører berre opp elevar som ikkje er registrerte ved nokon skole. Kommunen er ansvarleg for å sjå til at det er ført riktig tal på elevar .

Kolonnane til høgre er kalla "Skolens/kommunens timetalsfordeling". Her spør vi om elevtimar, det vil seie kor mange årstimar elevane får på kvart årstrinn. Timetalet er fastsett som 60 minutts einingar. Kommunane kan gjere vedtak om at dei skal gi undervisningstid ut over minstetimetalet. Det er skolens reelle undervisningstimetal som skal førast opp, ikkje det forskriftsfesta.

Skolens/kommunens timetalsfordeling gir att eit gjennomsnitt på kommune, fylke og landsnivå. Dette er no eit ordinært gjennomsnitt. Tidlegare var dette vekta.

Timetalet skal førast opp for alle årstrinna som skolen normalt har elevar på, uansett om elevane går i aldersblanda grupper eller ikkje. Dersom ein barneskole underviser elevar på 4. og 5. årstrinn saman, skal både timetalet som blir gitt til elevane på 4. årstrinn og til elevane på 5. årstrinn, førast opp. Dersom ein rein ungdomsskole bruker å ha elevar på 8. årstrinn, men ikkje har det akkurat i år, skal han føre opp det normale årstimetalet for elevar på 8. årstrinn.

Følgjande fordeling av undervisningstimetalet er fastsett:

1.-7. årssteg 8.-10. årssteg
5196 timar 2622 timar

Udir-1-2019 gir oversikt over fag- og timefordelinga.

Desimalar må rundast av. Der dette fører til ein time for lite, kan det førast ein ekstra time på eitt av trinna, så lenge totaltimetalet for skolen blir riktig.


76 timar til fysisk aktivitet kjem i tillegg og skal førast i ramme H.

Elevtal og timetalsfordeling er med i berekninga av gruppestørrelse 2.

14. Ikkje fordelt på årssteg (i bruk til og med skoleåret 2005-06)
Dette feltet var i bruk til og med skoleåret 2005/06. Feltet er der framleis fordi det er ein del av det totale elevtalet for tidlegare skoleår.
15. Sum elevar ved skolen (linje 8+12 +14)
 
Kor mange av elevane i linje 15 er asylsøkjarar
16. Talet på asylsøkjarar (og dei som har vore asylsøkjarar, men som framleis venter på bosetting)

Her registrerer ein talet på asylsøkjarar i opplæringspliktig alder som bur i mottak eller omsorgssenter, og som får grunnskoleopplæring. Skal fyllast ut av den skolen/institusjonen der eleven går. Asylelevar skal også registrerast i linje 1-15 (dvs. at dei skal registrerast saman med alle elevane ved skolen).

Elevar med teiknspråk og punktskriftopplæring
17. Talet på elevar med enkeltvedtak om teiknspråkopplæring jf. opplæringslova § 2-6
Her fører ein elevar som har enkeltvedtak om teiknspråkopplæring, jf. opplæringslova 2-6.

Skal fyllast ut av den skolen der eleven går. Eleven skal også registrerast i linje 1-15 ved same skole.
18. Talet på elevar med enkeltvedtak om punktskriftopplæring jf. opplæringslova § 2-14
Sterkt svaksynte og blinde elevar har rett til nødvendig opplæring i punktskrift. Her fører ein elevar som har enkeltvedtak om punktskriftopplæring, jf. opplæringslova 2-14.
 
Skal fyllast ut av den skolen der eleven går. Eleven skal også registrerast i linje 1-15 ved same skole.
Kor mange av elevane i linje 15 blir finansierte av ein annan kommune, jf. forskrift til opplæringslova § 18-1? (gjeld berre offentlege skolar)

Skolen/institusjonen/kommunen skal registrere kor mange elevar som blir finansierte av ein annan kommune, for eksempel elevar som er fosterheimsplasserte frå ein annan kommune.

Skolen elevane går på (ev. kommunen dersom undervisninga går føre seg sentralt), skal føre kommunen som er økonomisk ansvarleg for eleven i A19. Kommunen er ansvarleg for å sjå til at talet på elevar finansierte av ein annan kommune verken blir underrapporterte eller talde opp dobbelt i GSI.

19. Sum elevar finansierte av andre kommunar
 
Heimeundervisning - føresette underviser eigne barn
Elevar/barn i linje 20 kjem i tillegg til elevane i linje 15.
20. Talet på elevar som får heimeundervisning etter opplæringslova § 2-13

Opplysningar om talet på elevar som får heimeundervisning innafor rikets grenser pr 1. oktober, skal fyllast ut av skolen eller kommunen sentralt, avhengig av kven som har ansvaret og har tilgang på tala.


Heimeundervisning gjeld elevar som er tekne ut av skolen for å få opplæringa si av føresatte, etter § 2-13 i opplæringslova. Undervisning som går føre seg heime, men som kommunen har ansvaret for på grunn av sjukdom e.l., er ikkje rekna som heimeundervisning i denne samanhengen, og skal ikkje førast her.

Kommunen er ansvarleg for å sjå til at talet som får heimeundervisning i kommunen, verken blir underrapportert eller registrert dobbelt.

Elevar som ikkje har møtt ved skolestart
Gjeld berre elevar med udokumenterte fråvær
21. Talet på elevar som ikkje har møtt opp til pliktig grunnskoleopplæring ved skolestart, og som framleis er utafor opplæring per 1. oktober

Alle barn som er busette i Noreg, har rett og plikt til grunnskoleopplæring etter opplæringslova § 2-1.

Dersom skolen finn eleven i Noreg utan opplæring, eller skolen ikkje finn eleven, skal eleven teljast med. Dersom skolen kjenner til at eleven er i utlandet, skal eleven ikkje teljast med. Berre dei med udokumentert fråvær skal registrerast.

Kommunens plikt til å oppfylle den retten elevar har til grunnskoleopplæring, er omhandla i opplæringslova § 13-1. Tilsvarande regel finst i friskolelova § 5-2 andre ledd.

For ytterlegare informasjon sjå Utdanningdirektoratets rettleiar.

B. Årstimar

Her skal ein gi opplysningar om årstimar, slik planane ser ut 1. oktober. Rekn både med det som er brukt fram til 1. oktober, og det som er planlagt for resten av skoleåret.

Årstimar til undervisning
Timar til fysisk aktivitet skal førast i ramme H. Timar til leksehjelp skal ikkje førast i ramme B. Dersom årstimar blir gitt samtidig til elevar frå fleire årssteg, skal årstimane førast på det høgaste årssteget.

Alle årstimar til undervisning skal førast i 60 minutts einingar.

På barnetrinnet er årsramma for undervisning pr. lærarårsverk 741 timar (60-minutts einingar).

På ungdomstrinnet er gjennomsnittleg berekna årsramme for undervisning pr. lærarårsverk 656 timar (60-minutts einingar). Sjå vedlegg 1 til SFS2213.

GSI spør berre etter undervisningstimane og eventuelt timar til arbeidsoppgåver som fører til reduksjon i årsramma for undervisning. Det er rapporteringa av desse timane som dannar grunnlag for berekninga av årsverk i ramme C.

Linje 1. - 2.

I linje 1 fører ein talet på lærartimar som blir gitt til undervisning ved skolen i inneverande skoleår av undervisningspersonale som oppfyller kompetansekrava for tilsetjing jf. opplæringslova § 10-1 og friskolelova § 4-2.

I linje 2 fører ein talet på lærartimar som blir gitt til undervisning ved skolen i inneverande skoleår av undervisningspersonale som ikkje oppfyller kompetansekrava for tilsetjing jf. opplæringslova § 10-1 og friskolelova § 4-2.

Se forskrift til opplæringslova §§ 14-2, 14-3 og 14-5 og friskolelova § 4-2 for kva for utdanningar som er godkjende for tilsetjing per i dag.

Dersom årstimar blir gitt til elevar frå fleire årstrinn samtidig, skal årstimane førast på det høgaste årstrinnet.


Lærarane er underlagde dei kompetansekrava som gjaldt da dei var ferdig utdanna. Det vil seie at alle som var kvalifiserte for tilsetjing i stillinga da dei fullførte utdanninga si, skal førast på undervisningspersonale som oppfyller kompetansekrava for tilsetjing.

Timar til fysisk aktivitet skal ikkje førast opp her, men i ramme H. Timar til leksehjelp skal ikkje førast i ramme B.

Dersom assistentar utfører undervisningsoppgåver, blir dei rekna som undervisningspersonell som ikkje oppfyller kompetansekrava for tilsetjing. Dei skal da førast i linje 2 og ikkje i linje 21.
3. Sum lærartimar som blir gitt til undervisning ved skolen i inneverande skoleår
Linje 3 viser summen av alle årstimar som blir brukte til undervisning. 
4. spesialundervisning etter enkeltvedtak, jf. opplæringslova § 5-1 og friskolelova § 3-6

Her fører ein årstimar som går til spesialundervisning, med heimel i vedtak etter opplæringslova § 5-1  og friskolelova § 3-6 om rett til spesialundervisning.

Årstimar i eigne skolar for spesialundervisning og spesialundervisningsgrupper ved ordinære grunnskolar skal registrerast her.

5. særskild norskopplæring etter enkeltvedtak, jf. opplæringslova § 2-8 og friskolelova § 3-5

Dersom undervisning gitt etter læreplan i grunnleggjande norsk for språklege minoritetar, eller i form av særskild tilpassing innanfor den ordinære læreplanen, medfører ekstra gruppedeling i norsk, skal timane førast her. Viss undervisninga skjer sentralisert i kommunen, registrerer ein årstimane på sentrale ressursar i kommunen.

6. morsmålsopplæring, jf. opplæringslova § 2-8 og friskolelova § 3-5

Morsmålsopplæring er undervisning i eleven sitt morsmål som elevar med eit anna morsmål enn norsk og samisk får utover det ordinære undervisningstimetalet.

Årstimane til morsmålsopplæringa skal vanlegvis førast på den skolen som gir undervisninga. Dersom ein morsmålslærar underviser ved fleire skolar, skal årstimane til læraren delast og førast opp på dei enkelte skolane. Dersom morsmålsopplæringa ved fleire skolar er samla ved ein enkelt skole, fører ein alle årstimane til morsmålsopplæring på denne skolen. Viss morsmålsundervisninga går føre seg sentralisert i kommunen, registrerer ein årstimane på dei sentrale ressursane i kommunen.

7. tospråklig fagopplæring, jf. opplæringslova § 2-8 og friskolelova § 3-5

Tospråkleg fagopplæring er den opplæringa som skjer innanfor det ordinære undervisningstimetalet og der elevens morsmål blir brukt i opplæringa, anten åleine eller saman med norsk (for eksempel matematikkundervisning gitt på urdu).

Årstimane kjem fram ved at det blir brukt både fag- og morsmålslærar i opplæringa, anten i same gruppe eller ved at gruppa blir delt. Dersom undervisninga går føre seg sentralisert i kommunen, blir årstimane registrerte på kommunens sentrale ressursar.

8. tilrettelagd opplæring når kommunen ikkje kan tilby morsmålsundervisning eller tospråkleg fagopplæring, jf. opplæringslova § 2-8 og friskolelova § 3-5

Her førast timar når kommunen ikkje kan skaffe lærarar på morsmålet som kan gi morsmålsopplæring og/eller tospråklig fagopplæring.

9. elevar med rett til opplæring i samisk språk der dette fører til ekstra ressursar til undervisning, jf. opplæringslova § 6-2

Her fører ein årstimar til undervisning i samisk som førstespråk (Samisk 1) eller andrespråk (Samisk 2/Samisk 3) som fører til ekstra undervisningsressursar, jf. opplæringslova § 6-2. Ressursane til undervisning i samisk skal registrerast på skolen/eininga som gir undervisninga. Dette for å unngå at ressursar blir registrerte dobbelt.

Timar til fordjuping i samisk som framandspråk skal ikkje førast her.

Elevar som får opplæring i samisk, skal registrerast i ramme F, og elevar med fordjuping i samisk skal registrerast i ramme G

Desse felta er med i berekninga av gruppestørrelse 2.

10. elevar med rett til opplæring samisk der dette fører til ekstra ressursar til undervisning for ein elev/ei elevgruppe, jf. opplæringslova § 6-2, første og andre ledd
Her fører ein årstimar til undervisning på samisk som fører til ekstra undervisning av ein elev, eller at det blir oppretta eiga elevgruppe, jf. opplæringslova § 6-2. Gruppedeling etter opplæringslova § 6-2 treng ikkje å føre til at det totale gruppetalet ved skolen blir høgare. Det er dei ekstra årstimane når det er danna ekstra grupper i tillegg til dei skolen elles ville hatt, som skal førast her. Det er berre samisk utanfor dei samiske distrikta som skal førast her.

Ressursane til undervisning på samisk skal registrerast på skolen/eininga som gir undervisninga. Dette for å unngå at ressursar blir registrerte dobbelt.

Elevar som får opplæring på samisk, skal registrerast i ramme F som elevar med samisk som opplæringsmålform.

Desse felta er med i berekninga av gruppestørrelse 2.
11. elevar med rett til anna målform enn hovudmålet i kommunen og der dette fører til ekstra ressursar til undervisning for ein elev/ei elevgruppe, jf. opplæringslova § 2-5
Gruppedeling etter målformtreng ikkje å føre til at det totale gruppetalet ved skolen blir høgare. Det er berre dei ekstra ressursane når det er danna grupper etter opplæringslova § 2-5 fjerde ledd i tillegg til dei skolen elles ville hatt, eller ekstra ressursar til enkeltelevar/elevar etter opplæringslova § 2-5 femte ledd, som skal teljast her.

Desse felta er med i berekninga av gruppestørrelse 2.
12. finsk som andrespråk, jf. opplæringslova § 2-7

Årstimar til finsk som andrespråk etter opplæringslova § 2-7 skal registrerast her. Talet på elevar som får opplæring i finsk som andrespråk, skal førast i linje 14 i ramme F.

13. teiknspråk jf. opplæringslova § 2-6

Dette gjeld både opplæring i teiknspråk som fag og spesialundervisning for høyrselshemma elevar, både dersom vedtak om teiknspråkopplæring og spesialundervisning er gjort i same eller i kvart sitt enkeltvedtak.

14. punktskrift jf. opplæringslova § 2-14
Sterkt svaksynte og blinde elevar har rett til nødvendig opplæring i punktskrift. Her fører ein timar til opplæring i punktskrift for elevar som har enkeltvedtak om punktskriftopplæring, jf. opplæringslova § 2-14.
 
Linje 15. - 16.
Det blir ikkje lenger samla inn informasjon om dette, men teksten ligg i GSI for å gi moglegheit for å hente ut historiske data, og fordi dei utgjer delar av ein totalsum.
17. Sum årstimar til spesialundervisning og særskild språkopplæring (linje 4..14)

Summen viser kor mange lærartimar som er knytte til elevar med spesialundervisning og særskild språkopplæring.

18. Sum årstimar til ordinær undervisning (linje 3 minus 17)

Talet viser talet på årstimar som blir brukte til undervisning i ordinære elevgrupper. Talet som kjem fram her, blir rekna ut på følgjande måte:

Det totale talet på lærartimar i linje 3

- Talet på lærartimar som er knytte til elevar med spesialundervisning og særskild språkopplæring (linje 17)

= Lærartimar til undervisning av ordinære elevgrupper

Desse felta er med i berekninga av gruppestørrelse 2.

Andre årstimar utførte av undervisningspersonale, til fråtrekk i undervisningsplikta
Her fører ein årstimar til reduksjon i årsramma til undervisning på grunn av andre oppgåver.

Eksempel på oppgåver som kan føre til fråtrekk i undervisningsplikta er: kontaktlærarfunksjon, seniortiltak, tidsressurspott, pedagogisk rettleiing, utviklingsarbeid, vikartimar som ein del av stillinga til lærarar tilsette ved skolen (beredskapsressursar), elevrådskontakt - hvis dette er lagt til en larer, lokalt fastsette funksjonar som tillitsvalde og liknande, fjernundervisning eller anna undervisning til elevar ved andre skolar, tilsyn av elevar som får heimeundervisning, sosialpedagogisk rådgivar, utdannings- og yrkesrådgivar og anna pedagogisk arbeid for å fylle opp stillinga si årsramme for leseplikttid.

Timar til fysisk aktivitet skal førast i ramme H. Merk at timar til leksehjelp ikkje skal førast i ramme B

Her fører ein årstimar til reduksjon i årsramma til undervisning på grunn av andre oppgåver.

19. Andre årstimar utførte av undervisningspersonale
Her fører ein årstimar til reduksjon i årsramma til undervisning på grunn av andre oppgåver.

Eksempel på oppgåver som kan føre til fråtrekk i undervisningsplikta er:
- kontaktlærarfunksjon
-seniortiltak
-tidsressurspott
- pedagogisk rettleiing og utviklingsarbeid
-
vikartimar som ein del av stillinga til lærarar tilsette ved skolen (beredskapsressursar)
-elevrådskontakt - om dette er en lærar
- lokalt fastsette funksjonar som tillitsvalde og liknande
- fjernundervisning eller anna undervisning til elevar ved andre skolar skoler
- tilsyn av elevar som får heimeundervisning
- sosialpedagogisk rådgivar  - om dette er ein lærar
-utdannings- og yrkesrådgivar 
- om dette er ein lærar
- anna pedagogisk arbeid for å fylle opp stillinga si årsramme for leseplikttid.


Timar til fysisk aktivitet skal førast i ramme H. Timar til leksehjelp skal ikkje førast i ramme B.

For lærarar som både underviser på barne- og ungdomstrinnet, blir timane fordelte etter skjønn mellom 1.-7. trinn og 8.-10. trinn. I dei tilfella der ei slik fordeling ikkje er mogleg/føremålstenleg, fører ein timane på det høgaste trinnet.
 
Årstimar utførte av undervisningspersonale
20. Sum årstimar (linje 3+19)
 
Årstimar utførte av assistentar
Her fører ein årstimar utført av assistentar. Det er 1687,5 årstimar i eit assistentårsverk. Assistentkalkulatoren kan brukast til å berekne årstimar baserte på årsverk, dersom skolen berre veit talet på årsverk til assistent.
21. Årstimar til assistent i skolen (assistenttimar)

Her skal arbeidstimar til assistent registrerast. Assistentkalkulatoren kan brukast til å berekne årstimar baserte på årsverk, dersom skolen berre veit talet på årsverk til assistent. Dersom ein skole har gjort om tildelte lærartimar til assistenttimar, skal desse registrerast her.

Dersom assistentar utfører undervisningsoppgåver, blir dei ikkje rekna som assistentar, men som undervisningspersonell utan godkjend utdanning for dei fag/trinn dei underviser på. Årstimane skal da førast som "Årstimar til undervisning" i linje 3..13.


Tid til assistentar som berre utfører helsetenester, skal ikkje takast med. Stillingsressursar til skolefritidsordning skal ikkje takast med her. Vaktmeistertenester skal heller ikkje teljast her. Lærlingar skal ikkje registrerast.

Ei 60 prosent assistentstilling vil i praksis bety at assistenten jobbar ca. 27 klokketimar (avrunda frå 26,6) i 38 veker.
I så fall skal 1013 timar førast her, mens talet 60 skal førast på årsverk for assistentar i C35.

22. Kor mange av årstimane som er oppgitt i linje 21, er til spesialundervisning, jf. opplæringslova § 5-1 og friskolelova § 3-6

Her fører ein årstimar til assistentar som går til spesialundervisning jf. opplæringslova § 5-1 og friskolelova § 3-6.

Assistenttimar tildelte til elevar ut frå for eksempel helsemessige årsaker utanom § 5-1 i opplæringslova og § 3-6 i friskolelova skal ikkje registrerast.

C. Årsverk

Generelt

Årsverka (linje 1..29) skal teljast i stillingsprosent, dvs. at eitt årsverk er 100 prosent.

Ein rektor som har 50 prosent undervisning, skal registrerast 50 prosent på rektor og 50 på prosent undervisning.

Sum årsverk for undervisningspersonale blir berekna frå årstimane som står i ramme B.

Undervisningspersonalets årsverk

Undervisningspersonalets årsverk på 1687,5 timar er bygd opp av fleire element på barnetrinnet innafor 39 veker, med mindre anna er avtalt lokalt:

  • arbeidsplanfesta tid 1300 timar som består av:
    • inntil 741 undervisningstimar på barnetrinnet
    • 559 timar arbeidsplanfesta tid utanom undervisning
  • tid for- og etterarbeid og fagleg ajourføring med 387,5 timar

Undervisningspersonalets årsverk på 1687,5 timar er bygd opp slik på ungdomstrinnet innafor 39 veker, med mindre anna er avtalt lokalt:

  • arbeidsplanfesta tid 1225 timar på ungdomstrinnet består av:
    • gjennomsnittleg 656 undervisningstimar på ungdomstrinnet (sjå Vedlegg 1 til SFS2213 om Årsramme for ulike fag)
    • 569 timar arbeidsplanfesta tid utanom undervisning
  • tid til for- og etterarbeid og fagleg ajourføring med 462,5 timar

I den sentrale særavtalen, SFS2213, er det regulert inn fleire reglar som grip inn i årsrammene, og som på den måten påverkar undervisningstimetala. Dette dreier seg om eksempelvis seniortiltak, tidsressurspott, kontaktlærarteneste, sosiallærarteneste, rådgivarteneste og elevrådskontakt. Sidan desse ulike tenestene og funksjonane verkar inn på undervisningstimetala, vil det vere viktig å registrere desse slik at dei kjem fram i GSI. Sjå også Udir-1-2019

GSI spør berre etter undervisningstimane og eventuelt timar til arbeidsoppgåver som fører til reduksjon i årsramma for undervisning.

Årsverk til administrative og pedagogiske leiaroppgåver, i stillingsprosent (1 årsverk =100)
Linje 1. - 2.

Omfattar den samla tidsressursen som er avsett til administrative og pedagogiske leiaroppgåver etter SFS2213.

3. Sum årsverk personale med administrative og pedagogiske leiaroppgåver (linje 1..2)
 
Justering av delingstal for omrekning av årstimar til årsverk
Her fører ein inn nye tal dersom leseplikta på skolen avvik frå det normale. Leseplikta skal berre endrast der skoleeigaren har vedteke ei anna årsramme for undervisning.
4. Leseplikttal
Den førehandsutfylte årsramma (741 timar på barnetrinnet og 656 timar på ungdomstrinnet) blir brukt av dei fleste skolane i Noreg. Årsramma skal berre endrast der skoleeigaren har vedteke ei anna årsramme for undervisning.
Berekna årsverk til undervisningspersonale, i stillingsprosent (1 årsverk = 100)
Skal bereknast på bakgrunn av årstimar frå ramme B etter formelen årstimar/741 for barnetrinn og årstimar/656 for ungdomstrinn.

Årsverk eller delar av årsverk som går til undervisning av aldersblanda grupper, blir berekna på det høgaste hovudtrinnet det deltek elevar frå i undervisninga.

Linje 5. - 7.
Årsverka som blir berekna her, tek utgangspunkt i ramme B linje 1 til linje 18 "Årstimar til undervisning".

Linje 8. - 22.
Årsverka som blir berekna her, tek utgangspunkt i ramme B linje 1 til linje 18 "Årstimar til undervisning".

Berekna årsverk utførte av undervisningspersonale til anna enn undervisning, i stillingsprosent (1 årsverk =100)
Bereknas på bakgrunn av årstimar frå ramme B etter formelen årstimar/741 1.-7. trinn og årstimar/656 for 8.-10. trinn

Årsverka nedanfor tilsvarer årstimane oppførte i ramme B linje 19.

23. Årsverk til undervisningspersonale til anna enn undervisning
Årsverka som blir berekna her, tek utgangspunkt i ramme B linje 19  "Andre årstimar utførte av undervisningspersonale".
Berekna årsverk utførte av undervisningspersonale totalt, i stillingsprosent (1 årsverk =100)
24. Sum årsverk undervisningspersonale (linje 7+23)

Her viser ein summen av alle årsverka til undervisningspersonale.

Årsverk utførte av assistentar, i stillingsprosent (1 årsverk = 100)

Bereknast på bakgrunn av årstimar frå ramme B etter formelen årstimar/1687,5. Assistentkalkulatoren kan brukast til å berekne årstimar baserte på årsverk, dersom skolen berre veit talet på årsverk til assistent.

Linje 25. - 26.

Årsverka som blir berekna her, tek utgangspunkt i ramme B linje 21 til linje 22 "Årstimar utførte av assistentar".

Årsverk utførte av anna personale, i stillingsprosent (1 årsverk = 100)
27. skolebibliotekarar
 
28. kontorteknisk personale
 
29. Anna personale i elevretta arbeid

Her fører ein årsverk utførte av personale der skolen nyttar seg av deira kompetanse til elevretta arbeid. Eksempel kan vere miljøarbeidarar, barnevernspedagogar, fysioterapeutar, og liknande. Årsverka som blir registrerte her, skal gå til elevretta oppgåver.

Talet på lærarar og assistentar

Her ønskjer vi å vite kor mange som underviser ved skolen, og kor mange personar ved skolen som utfører enkelte oppgåver. Ein person kan ha ei eller fleire særskilde oppgåver i stillinga si, og kan derfor måtte teljast fleire gonger i felta 30..34. Ein og same person kan for eksempel førast opp både som kontaktlærar og sosialpedagogisk rådgivar.

30. Talet på lærarar

Her fyller ein ut kor mange personar som underviser på skolen. Assistentar skal ikkje inkluderast, men dersom assistentar underviser, blir dei rekna som lærarar utan godkjend utdanning og skal førast her. I fordelinga på hovudtrinn skal ein person berre førast opp éin gong, sjølv om vedkommande underviser på fleire årstrinn. Personen skal førast på det høgaste årstrinnet vedkommande underviser. Dersom for eksempel en rektor også underviser, skal han/ho teljast med.

31. Kor mange av lærarane i linje 30 er kontaktlærarar?

Skal berre fyllast ut av skolar med fast organiserte grupper. Der kontaktlærarfunksjonen for ei gruppe er delt mellom fleire personar, skal alle kontaktlærarane takast med her. I fordelinga på hovudsteg skal ein person berre førast ein gong, sjølv om han er kontaktlærar for elevar på fleire hovudsteg. Viss ein person er kontaktlærar for elevar frå fleire hovudsteg, skal han førast på det høgaste årssteget elevane hans går på.

32. Talet på utdannings- og yrkesrådgivarar
 
33. Talet på sosialpedagogiske rådgivarar
 
34. Talet på assistentar i skolen       

Her fyller ein ut kor mange tilsette som er med undervisningspersonalet i undervisninga, til hjelp for enkeltelevar. Dersom assistentar utfører undervisningsoppgåver, blir dei ikkje rekna som assistentar, men som undervisningspersonell (lærar) og skal førast i linje 30..

Assistentar som berre utfører helsetenester, skal ikkje takast med. Assistentar som utelukkande jobbar i skolefritidsordninga, skal ikkje takast med her.

Kompetansekrav for tilsetjing, jf. opplæringslova § 10-1 og friskolelova § 4-2
Dersom læraren underviser elevar både på 1.-7. årstrinn og 8.-10. årstrinn, skal læraren berre førast på 8.-10. årstrinn, eller linje 36, slik at læraren ikkje blir tald dobbelt. Ein lærar skal berre registrerast ein gong anten i linje 35, 36 eller 37. Assistentar skal ikkje inkluderast, men dersom assistentar utfører undervisningsoppgåver, blir dei rekna som undervisningspersonell som ikkje oppfyller kompetansekrava for tilsetjing og skal førast i 37.
 
35. Talet på lærarar som oppfyller kompetansekrava for tilsetjing, jf. opplæringslova § 10-1 og friskolelova § 4-2

Her fører ein talet på lærarar som oppfyller kompetansekrava for tilsetjing jf. opplæringslova § 10-1 og privatskolelova § 4-2.

Sjå forskrift til opplæringslova §§ 14-2, 14-3 og 14-5 og privatskolelova § 4-2 for kva for utdanningar som er godkjende for tilsetjing per i dag.

Lærarane er underlagde dei kompetansekrava som gjaldt da de var ferdig utdanna. Det vil seie at alle som var kvalifiserte for tilsetjing i stillinga da dei fullførte utdanninga si, skal førast på undervisningspersonale som oppfyller kompetansekrava for tilsetjing.

Dersom læraren underviser elevar både på 1.-7. årstrinn og 8.-10.årstrinn, men berre oppfyller kompetansekrava for tilsetjing for 1.-7. skal læraren førast i linje 36.

Formålet med desse felta er å dimensjonere behovet for vidareutdanning.

Steinerskolar og Montessoriskolar registrerar også etter krava for tilsetting jf. friskolelova § 4-2. De skal ikkje ta hensyn til eiga krav om spesialkompetanse, kun krava i friskoleloven § 4-2.

36. Talet på lærarar som underviser elevar både på 1.-7. årstrinn og 8.-10. årstrinn, som oppfyller kompetansekrava for tilsetjing for 1.-7. årstrinn, men ikkje 8.-10. årstinn
Her fører ein talet på lærarar som underviser både på 1.-7. årstrinn og 8.-10. årstrinn, men berre oppfyller kompetansekrava for tilsetjing for 1.-7. årstrinn og ikkje for 8.-10. årstrinn.

Lærarane er underlagde dei kompetansekrava som gjaldt da de var ferdig utdanna. Det vil seie at alle som var kvalifiserte for tilsetjing i stillinga da dei fullførte utdanninga si, skal førast på undervisningspersonale som oppfyller kompetansekrava for tilsetjing.
37. Talet på lærarar som ikkje oppfyller kompetansekrava for tilsetjing, jf. opplæringslova § 10-1 og friskolelova § 4-2

Her fører ein talet på lærarar som ikkje oppfyller kompetansekrava for tilsetjing jf. opplæringslova § 10-1 og privatskolelova § 4-2.

Sjå forskrift til opplæringslova §§ 14-2, 14-3 og 14-5 og privatskolelova § 4-2 for kva for utdanningar som er godkjende for tilsetjing per i dag.

Lærarane er underlagde dei kompetansekrava som gjaldt da de var ferdig utdanna. Det vil seie at alle som var kvalifiserte for tilsetjing i stillinga da dei fullførte utdanninga si, skal førast på undervisningspersonale som oppfyller kompetansekrava for tilsetjing.

Dersom læraren underviser elevar i faget både på 1.-7. årstrinn og 8.-10. årstrinn utan å oppfylle kompetansekrava for tilsetjing, skal læraren førast berre på 8.-10. årstrinn, slik at læraren ikkje blir tald dobbelt.

Dersom læraren underviser elevar både på 1.-7. årstrinn og 8.-10. årstrinn, men berre oppfyller kompetansekrava for tilsetjing for 1.-7. årstrinn, skal læraren førast i linje 36.

Assistentar som utfører undervisningsoppgåver,blir dei rekna som undervisningspersonell som ikkje oppfyller kompetansekrava for tilsetjing, og skal registrerast her.

Ein som er unnateken frå krava om tilsetjing og tilsett mellombels etter opplæringslova § 10-6, eller på vilkår om fullført lærarutdanning etter opplæringslova § 10-6a, skal registrerast i linje 37.

Formålet med desse felta er å dimensjonere behovet for vidareutdanning.

Steinerskolar og Montessoriskolar registrerar også etter krava for tilsetting jf. friskolelova § 4-2. De skal ikkje ta hensyn til eiga krav om spesialkompetanse, kun krava i friskoleloven § 4-2.

Kompetansekrav for undervisning i undervisningsfag for lærarane oppgitt i linje 35 og 36, jf. opplæringslova § 10-2 og friskolelova § 4-2
Dersom læraren er ført i linje 35, og underviser elever i faget både på 1.-7. årstrinn og 8.-10. årstrinn, skal læraren førast berre på 8.-10. årstrinn, slik at læraren ikkje blir tald dobbelt. Dersom læraren er ført i linje 36 skal læraren berre førast på 1.-7. årstrinn, sjølv om dei underviser i faget også på 8.-10. årstrinn. Krav om relevant kompetanse i undervisningsfag gjeld ikkje for den som er mellombels tilsett i skolen. Dei skal derfor ikkje førast i linje 38 til 42
Linje 38. - 42.
I opplæringslova er det krav om at lærarane må ha relevant kompetanse i undervisningsfaga jf. opplæringslova § 10-2 og friskolelova § 4-2. Jf. forskrift til opplæringslova § 14-2 og § 14-3,  er det krav til 30 studiepoeng på barnetrinnet og 60 studiepoeng på ungdomstrinnet for å undervise i norsk, samisk, norsk teiknspråk, matematikk og engelsk. Alle lærarane i desse faga er omfatta av krava, men skoleeigaren kan om nødvendig la ein lærar undervise sjølv om vedkommande ikkje oppfyller kravet. Eit slikt unnatak kan berre fastsetjast for eit år om gongen.

Berre lærarar ført i linje 35 og 36 som underviser i faga norsk, samisk, norsk teiknspråk, matematikk og engelsk, skal registrerast her. Dei skal registrerast etter talet på studiepoeng dei har i faga dei underviser i.

Ein lærar som er ført i linje 35, og underviser elevar i faget både på 1.-7. årstrinn og 8.-10. årstrinn, skal førast berre på 8.-10. årstrinn, slik at læraren ikkje blir tald dobbelt.

Er læraren ført i linje 36, skal læraren berre førast på 1.-7. årstrinn, sjølv om dei underviser i faget også på 8.-10. årstrinn.

Krav om relevant kompetanse i undervisningsfag gjeld ikkje for den som er mellombels tilsett etter opplæringslova § 10-6 eller etter arbeidsmiljølova, eller den som er tilsett på vilkår etter opplæringslova § 10-6a. Dei skal derfor ikkje førast i linje 38...42.

For ytterlegare informasjon om kompetanse i undervisningsfag sjå Krav om relevant kompetanse for å undervise i fag Udir-3-2015.

Steinerskolar skal registrere etter kor mange studiepoeng lærarane har i fag dei underviser i inneværande skoleår, uavhengig av om dagleg leiar vurderer at vedkommande har tilstrekkeleg fagkompetanse.
D. Spesialundervisning

I denne ramma registrerer ein elevar som har fått enkeltvedtak om spesialundervisning, jf. opplæringslova § 5-1 og friskolelova § 3-6. Alle elevar som går på skolen, skal registrerast, sjølv om eleven er folkeregistrert i ein annan kommune. Elevar som er mellombels ved ei eining, skal berre førast på den skolen der eleven er teken inn, jf. opplæringslova § 8-1.  

Kor mange elevar får spesialundervisning etter enkeltvedtak?
Linje 1. - 12.

Her registrerer ein det samla talet på elevar som har fått tildeling etter enkeltvedtak på grunnlag av § 5-1 i opplæringslova og § 3-6 i friskolelova

Elevar som blir plasserte i ramme D, skal vere registrerte i ramme A ved same skole. 

    - Elevar frå andre kommunar skal også førast her.

    - Elevar som har eit delt undervisningstilbod mellom fleire skolar, skal førast der dei er registrerte/innskrivne.

Sidan både kommunen sentralt og skolane kan fylle ut feltet, må kommunen sjå til at elevar som har fått tildeling, ikkje blir dobbeltrapporterte eller underrapporterte.

Linje D11 var i bruk til og med skoleåret 2005/06. Fram til da vart berre dei færraste elevar med spesialundervisning fordelte på trinn. Feltet er der framleis fordi det er ein del av det totale talet på elevar med spesialundervisning. Tal før 2006/07 gir derfor ikkje ei fullstendig oversikt over korleis elevar med spesiaulndervisning fordeler seg på trinn.

Elevar i eigne faste avdelingar for spesialundervisning
Elevar med fast tilhøyrsle i avdeling for spesialundervisning skal førast her. Dette gjeld både eigne skolar for spesialundervisning og skolar der elevar har fast tilhøyrsle til ”forsterka” avdeling for spesialundervisning. Tilfeldige elevgrupper med spesialundervisning som oppstår i ein ordinær skole og klasse, skal ikkje teljast her.
13. Dersom skolen har fast organisert avdeling for spesialundervisning, oppgir ein talet på elevar her
Dersom skolen har forsterka avdeling for spesialundervisning, oppgir ein talet på elevar her. I denne typen avdelingar har elevane si faste tilhøyrsle sjølv om dei kan delta i ordinære grupper/klassar i enkelte fag eller tema.
Alternativ opplæringsarena
14. Kor mange elevar registrerte ved skolen er utplasserte éin eller fleire dagar i veka utanfor ordinær opplæring (alternativ opplæringsarena).

Elevar må ha vedtak om spesialundervisning for å bli plasserte i alternativ opplæringsarena.

Dersom skolen har elevar som held til ein dag i veka eller meir utanfor ordinær undervisning, skal dei registrerast her. Dette kan vere opplegg knytte til friluftsliv, kantinedrift m.m., men det gjeld ikkje elevar som gjennom avtale har fått disponert inntil 25 % av timetalet til fag med nasjonal læreplan. (Desse elevane skal førast i ramme I.) Sjå Udir-03-2010 for bruk av alternative opplæringsarenaer.

Elevar i fast avdeling for spesialundervisning skal ikkje førast her, men i D13.

Organisering av spesialundervisning

Det er spørsmål om talet på elever som får eit fleirtal av sine tildelte timar til spesialundervisning i den ordinære klassen, i grupper på to til fem elevar, 6 elevar eller flere eller åleine.

Elevane skal berre registrerast éin gong. Summen av elevar i linje 15, 17, 16 og 18, skal være lik summen i linje 12

Linje 15. - 18.

Det er spørsmål om talet på elevar som får eit fleirtal av sine tildelte timar til spesialundervisning i (den ordinære) klassen, i grupper på to til fem elevar, i grupper på seks eller fleire eller åleine.

Elevane skal berre registrerast éin gong. Summen av elevar i linje 15, 16, 17 og 18, skal vere lik summen i linje 12.

19. Kor mange elevar får spesialundervisning hovudsakleg organisert på ein annan måte? (i bruk til og med skoleåret 2012-13)
Det blir ikkje lenger samla inn informasjon om dette, men teksten ligg i GSI for å gi moglegheit for å hente ut historiske data.
Talet på elevar som får tildelt timar til spesialundervisning med undervisningspersonale
Linje 20. - 23.

Her registrerer ein talet på elevar som har fått tildelt timar til spesialundervisning med undervisningspersonale, gruppert etter hovudtrinn og tildelte timar per år. Den enkelte eleven skal registrerast på hovudtrinnet de går på og innanfor intervalla 1-75, 76-190, 191-270 eller 271 timar per år eller meir.

Elevar som også er tildelte timar med assistentar, skal i tillegg registrerast i linje 26..29. Dette fører til at talet på barn i linje 25 pluss barn i linje 31 vil kunne vere større enn det samla talet på barn som har fått tildeling i linje 12.

Elevane skal førast både på hovudtrinnsfordelinga og på kjønnsfordelinga.

Felta som omhandla spesialundervisning med undervisningspersonale fordelt timetal og hovudtrinn med i berekninga av gruppestørrelse 2.

24. Kor mange får 76-270 timar per år? (i bruk til og med 2007-08)

Det blir ikkje lenger samla inn informasjon om dette, men teksten ligg i GSI for å gjere det mogleg å hente ut historiske data.

25. Sum elevar som får timar med undervisningspersonale (linje 20..24)
 
Talet på elevar som får tildelt timar med assistentar som del av enkeltvedtaket om spesialundervisning
Linje 26. - 29.

Her registrerer ein talet på elevar som har fått tildelt timar til spesialundervisning på grunnlag av enkeltvedtak med assistentar, gruppert etter tildelte timar per år. Den enkelte eleven skal registrerast innanfor intervalla 1-75, 76-190, 191-270 eller 271 timar per år eller meir.

Elevar som også er tildelte timar med undervisningspersonale, skal i tillegg registrerast i linje 20..23. Dette fører til at talet på barn i linje 25 pluss barn i linje 31 vil kunne vere større enn det samla talet på barn som har fått tildeling i linje 12.

30. Kor mange får 76-270 timar med assistentar per år? (i bruk til og med 2007-08)

Det blir ikkje lenger samla inn informasjon om dette, men teksten ligg i GSI for å gjere det mogleg å hente ut historiske data.

31. Sum elevar som får timar med assistentar (linje 26..30)
 
Totalt omfang i vedtak
32. Kor mange elevar får 271 årstimar eller meir samla sett (uavhengig av om timane er med lærar eller assistent)

Her registrerer ein talet på elevar som får 271 timar spesialundervisning per år, uavhengig av om timane er med undervisningspersonale eller assistent.

Det er talet på timar eleven får spesialundervisning, vi er ute etter. Timar der undervisningspersonale og assistent er med eleven samtidig, skal derfor teljast berre ein gong.

Ein elev får 200 timar spesialundervisning per år med undervisningspersonale og 200 timar med assistent. I 100 av timane er både undervisningspersonalet og assistenten til stades samtidig. Denne eleven får dermed 100 timar med berre undervisningspersonale, 100 timar med kun assistent og 100 timar med både undervisningspersonale og assistent. Dette blir 300 timar spesialundervisning, og eleven skal dermed førast her.

Elevar med spesialundervisning frå andre kommunar
Kommunale skoler skal registrere talet på elevar frå andre kommunar som får spesialundervisning. Friskolar og private skolar (godkjend etter opplæringslova § 2-12), statlege og fylkeskommunale skoler skal registrere alle elevar med spesialundervisning frå alle kommunar, også den kommunen som skolen er geografisk plassert i.

Her skal skolen registrere talet på elevar frå andre kommunar som får spesialundervisning, fordelte etter kva for kommune dei kjem frå. Det er altså kommunen som betaler, som skal registrerast.

Friskolar og private skolar (godkjend etter opplæringslova § 2-12) skal registrere alle elevar med spesialundervisning frå alle kommunar, også den kommunen som skolen er geografisk plassert i.

33. Sum elevar frå andre kommunar
 
E. Særskild språkopplæring for minoritetsspråklege elevar
I denne ramma fører ein elevar som får undervisning etter enkeltvedtak, jf. opplæringslova § 2-8 og friskolelova § 3-5.
Elevar som får særskild norskopplæring etter årssteg

Det er berre elevar med enkeltvedtak etter opplæringslova § 2-8 og friskolelova § 3-5 som skal førast her.

1. Kor mange elevar i alt får særskild norskopplæring, jf. opplæringslova § 2-8 og friskolelova § 3-5?

Her fører ein alle elevar som får undervisning etter opplæringslova § 2-8 og friskolelova § 3-5.

Elevar som har eit delt undervisningstilbod mellom fleire skolar, skal fyllast ut der dei er registrerte/innskrivne. Det vil seie at elevar som er plasserte i ramme E, skal vere registrerte i ramme A ved same skole. Kommunen er ansvarleg for å sjå til at elevar ikkje er førte dobbelt.

Desse felta er med i berekninga av gruppestørrelse 2.

2. Kor mange av elevane som er oppgitt i linje 1, følgjer læreplanen i grunnleggjande norsk for språklege minoritetar?

Her fører ein den delen av elevane som har særskild norsk etter opplæringslova § 2-8 eller friskolelova § 3-5 og som følgjer læreplanen i grunnleggjande norsk.

Elevar i eigne undervisningsgrupper
Også ved eigne innføringsskolar skal elevane førast i E3 (og eventuelt E4).
3. Elevar som hovudsakleg får undervisning i eigne undervisningsgrupper ( innføringsgrupper/klasser og liknande, jf. opplæringslova § 2-8, 5. ledd og friskolelova § 3-5, 5. ledd)

Dersom elevane har si faste tilhøyrsle i desse gruppene, fører ein talet på elevar ved skolen som går i eigne grupper/avdeling(ar) for språklege minoritetar her. Det betyr at dei har hovuddelen av undervisningstida i gruppa, sjølv om dei kan vere integrerte i ordinære grupper i enkelte fag eller tema. Timeressursane til undervisningsgrupper med språklege minoritetar skal registrerast i linje 5 til 8 i ramme B jf. opplæringslova § 2-8 og friskolelova § 3-5.

Elevar som pr. 1. oktober er på ein mottaksskole, skal førast der og ikkje på den skolen dei normalt ville gått.

4. Kor mange av elevane i linje 3 er asylsøkjarar
Her fører ein elevar i eigne undervisningsgrupper, som bur i mottak eller omsorgssenter.
Elevar som i tillegg til særskild norsk får morsmålsopplæring og/eller tospråkleg fagopplæring /tilrettelagd opplæring, jf. opplæringslova § 2-8 og friskolelova § 3-5
Ein elev skal her berre førast i éin av kolonnane.

Her skal elevar som får morsmålsopplæring og/eller tospråkleg fagopplæring registrerast, fordelte etter morsmål. Det er berre elevar med enkeltvedtak som skal førast. Internasjonale skolar i Noreg fører ikkje opp elevane under ramme E.

I første kolonne vel ein språk.

I andre kolonne skal det opplysast om talet på elevar som berre får morsmålsopplæring. Morsmålsopplæring er den undervisninga i elevens morsmål som blir gitt til elevar med anna morsmål enn norsk og samisk utover det ordinære undervisningstimetalet.

I tredje kolonne fører ein elevar som får både morsmålsopplæring og tospråkleg fagopplæring. Tospråkleg fagopplæring er den opplæringa som skjer innafor det ordinære undervisningstimetalet, og der elevens morsmål blir brukt i opplæringa (for eksempel "matematikk på urdu") anten åleine eller saman med norsk.

I fjerde kolonne fører ein elevar med berre tospråkleg fagopplæring.

I femte kolonne fører ein elevar med tilrettelagd opplæring. Etter opplæringslova § 2-8, tredje ledd og friskolelova § 3-5, tredje ledd: " Når morsmålsopplæring og tospråkleg fagopplæring ikkje kan givast av eigna undervisningspersonale, skal kommunen så langt mogleg leggje til rette for anna opplæring tilpassa føresetnadene til elevane." Dette gjeld når kommunen ikkje kan skaffe eigna/eller kompetente lærarar på morsmålet som kan ta seg av morsmålsopplæringa og/eller tospråkleg fagopplæring. Sjølv om kommunen ikkje kan skaffe kompetente lærarar til dette, så har likevel elevane rett til anna tilpassa opplæring.

Sum: I siste kolonne kjem summen av elevar med morsmålsopplæring og/eller tospråkleg fagopplæring og tilrettelagd opplæring. Dette er summen av kolonne to, tre, fire og fem. Summen kjem automatisk fram. Ein og same elev kan dermed berre førast i ein av kolonnane to, tre, fire og fem.

Elevane blir her registrerte på det nivået/den skolen der dei er registrerte/innskrivne (men undervisninga kan vere lagd til ein annan skole i kommunen, eller ho kan gå føre seg hos kommunen sentralt). Kommunen må kontrollere at ingen elevar er talde dobbelt eller underrapporterte i ramme E.

5. Sum
 
Elevar med særskild norskopplæring frå andre kommunar
Kommunale skoler skal registrere talet på elevar frå andre kommunar som får særskild norskopplæring. Friskolar og private skolar (godkjend etter opplæringslova § 2-12), statlege og fylkeskommunale skoler skal registrere alle elevar med særskild norskopplæring frå alle kommunar, også den kommunen som skolen er geografisk plassert i.

Her skal skolen registrere talet på elevar frå andre kommunar som får særskild norskopplæring og morsmålsopplæring/tospråkleg fagopplæring, fordelte etter kva for kommune elevane kjem frå. Det er altså kommunen som betaler, som skal registrerast.

Friskolar og private skolar (godkjend etter opplæringslova § 2-12) skal registrere alle elevar med særskild norskopplæring frå alle kommunar, også den kommunen som skolen er geografisk plassert i.

6. Sum elevar frå andre kommunar
 
F. Målform
Opplæringsmålform

Linje 1. - 11.
Elevane blir registrerte etter årstrinn og kjønn. Linje 1..11 gjeld elevens målform, og må derfor ikkje forvekslast med skolens målform, som blir registrert i Generelt.

Registreringa etter målform gjeld kva for målform elevane/foreldrane på vel i alle andre fag enn norsk. Dersom eleven ikkje har valt opplæringsmålform, fører ein opp eleven med skolens målform.

Elevar på internasjonale skolar i Noreg der undervisninga skjer på andre språk enn norsk og samisk, fører ein på "Andre".
Elevgrupper
12. Talet på elevgrupper oppretta med undervisning anna målform enn det som er vedteke av kommunen, eller undervisning samisk utanfor samiske distrikt samisk utanfor samiske distrikt, jf. opplæringslova, § 2-5 og § 6-2 første og andre ledd?

Alle grupper som er oppretta etter opplæringslova § 2-5 og § 6-2 første og andre ledd, skal registrerast her, sjølv om dei ikkje fører til ekstra grupper ut over det ein elles ville hatt.

13. Kor mange av desse gruppene (linje 12) kjem i tillegg til det talet på grupper skolen ville ha hatt utan eigne grupper etter § 2-5 og § 6-2 andre ledd?

Gruppedeling etter opplæringslova § 2-5 og § 6-2 første andre ledd treng ikkje å føre til at det totale talet på grupper ved skolen blir høgare. Det er berre i dei tilfella der delinga fører til grupper som kjem i tillegg til dei skolen uansett ville hatt med utgangspunkt i det totale elevtalet på årstrinnet, som skal teljast her.

Samisk / finsk
 
 
14. Sum elevar med opplæring i samiske/finsk språk
Her registrerer ein talet på elevar som får opplæring i samisk og i finsk som andrespråk. Elevane skal registrerast etter årstrinn og kjønn. Elevar i ramme F, skal vere registrerte i ramme A ved same skole.

Samisk som andrespråk 2 omfattar elevar som gjennomfører nivå 1-7 etter samisk læreplan.
Samisk som andrespråk 3 omfattar elevar som gjennomfører nivå 1-4 etter samisk læreplan.

Timar til opplæring i samisk fører ein i linje 9 og i ramme B.

Dei som er førte under finsk som andrespråk (som er eit tilbod i Troms og Finnmark), kan også ha ein av dei samiske språkkategoriane.

Årstimar i finsk som andrespråk jf. § 2-7 fører ein i linje 12 i ramme B.
G. Framandspråk, språkleg fordjuping, arbeidslivsfag og valfag
Elevar med framandspråk/språkleg fordjuping/arbeidslivsfag
Linje 1. - 5.

I linje 1..5 registrerer ein elevar som får undervisning etter dei vanlegaste språka i Kunnskapsløftet.

6. Andre språk

Elevar som får andre språk som framandspråk enn dei som står ovanfor fører ein opp her. Språket/språka det gjeld, fører ein opp i merknadsfeltet.

Linje 7. - 8.

I linje 7 og 8 registrerer ein elevar som får fordjuping i engelsk og norsk.

9. Fordjuping samisk
 
10. Fordjuping andre språk (i bruk til og med skoleåret 2008-09)

Det blir ikkje lenger samla inn informasjon om dette, men teksten ligg i GSI for å gjere det mogleg å hente ut historiske data.

11. Sum elevar framandspråk og språkleg fordjuping (linje 1..10)
 
12. Arbeidslivsfag

Elevar som har valt arbeidslivsfaget i staden for framandspråk eller språkleg fordjuping, skal førast her jf. forskrift til opplæringslova § 1-8, femte ledd, og forskrift til friskolelova § 2A-6, femte ledd.

13. Fordypning matematikk
Elevar på 8.-10. årssteg som har valt fordjuping i matematikk i staden for framandspråk, språkleg fordjuping eller arbeidslivsfaget, skal førast her jf. forskrift til opplæringslova § 1-8, sjette ledd, og forskrift til friskolelova § 2A-6, sjette ledd.
14. Sum elevar framandspråk og språkleg fordjuping og arbeidslivsfag (linje 11+12)
 
Elevar utan framandspråk, språkleg fordjuping eller arbeidslivsfag
15. Elevar utan framandspråk eller språkleg fordjuping
 
Sum elevar med og utan framandspråk, språkleg fordjuping eller arbeidslivsfag
Her fører ein elevar som er fritekne frå framandspråk. Det kan vere:

-Elevar med enkeltvedtak om spesialundervisning der sakkunnig vurdering tilrår avvik frå læreplanen i form av bortval av framandspråk og språkleg fordjuping, jf. opplæringslova § 5-5, første ledd.
-Elevar med finsk som andrespråk, teiknspråk eller særskild språkopplæring som etter søknad er fritekne etter reglane i forskrift til opplæringslova § 1-9, andre ledd.
-Elevar som får opplæring i samisk som første- eller andrespråk som ikkje har opplæring i framandspråk eller språkleg fordjuping etter forskrift til opplæringslova § 1-9, første ledd. (Desse elevane har likevel rett til opplæring i framandspråk eller språklig fordjuping dersom dei ønskjer det.)


16. Sum elevar med og utan framandspråk eller språkleg fordjuping
 
Elevar med valfag
Frå og med skoleåret 2012-2013 vart det innført valfag på ungdomstrinnet, jf. forskrift til opplæringslova § 1-14 og forskrift til friskolelova § 2A-10. For skoleåret 2013-2014 skal alle elevar på 8. trinn og 9. trinn ha valfag.
17. Sum elevar med valfag
Her fører ein elevar som tek valfag, fordelte på dei ulike valfaga. Elevar som tek fag frå vidaregåande i staden for valfag, skal føres i linje 18.
Fag frå vidaregåande i staden for valfag
Elevar som tek fag frå vidaregåande, men som følgjer ordinær opplæring i valfag, skal ikkje førast her, men i G17 og I05
 
18. Elevar som tek fag frå vidaregåande opplæring i staden for valfag, jf. forskrift til opplæringslova § 1-15 tredje ledd
Elevar som tek fag frå vidaregåande opplæring, har to moglegheiter til å hente timar. Den eine moglegheita er å bruke timane til valfag, den andre er å bruke timar frå faget utdanningsval. Mange vil bruke begge moglegheitene i kombinasjon.

Elevar som bruker timar til valfag til å ta fag frå vidaregåande, skal førast her, uavhengig av om dei også bruker timar frå faget utdanningsval. Elevane som ein fører her, vil da ikkje ha eit av dei 15 ordinære valfaga.

Elevar som berre bruker timar frå faget utdanningsval til å ta fag frå vidaregåande, skal ikkje førast her, men i linje I05. Desse elevane vil både ta fag frå vidaregåande og eit av dei 15 ordinære valfaga.
Sum elevar med og utan valgfag
Elevar som tek fag frå vidaregåande opplæring i staden for valfag, skal ikkje førast her, men i linje 18.
19. Elevar utan valfag
Her fører ein elevar som på bakgrunn av fritak eller av andre årsaker ikkje har valfag. Elevar som tek fag frå vidaregåande i staden for valfag, skal ikkje førast her, men i linje 18.
20. Sum elevar med og utan valfag (linje 17..19)
 
H. Fysisk aktivitet og leksehjelp
Elevtimar per år til fysisk aktivitet på 5.-7. årssteg

Her registrerer ein timetalet til fysisk aktivitet utanom kroppsøving for kvart av årstrinna (gjeld 5. - 7. årstrinn), jf. forskrift til opplæringslova § 1-1a og forskrift til friskolelova § 2A-9.

Timar som ein fører her, skal ikkje registrerast i ramme A linjene 1..11

Linje 1. - 4.
Her fører ein talet på timar til fysisk aktivitet på 5., 6. og 7. årstrinn.

Fysisk aktivitet er ikkje eit fag, og elevane skal ikkje vurderast når dei har dette. Ekstra timar til kroppsøving skal derfor ikkje førast her.
Ressursar til fysisk aktivitet på 5.-7. årssteg.
5. Kor mange årstimar går til fysisk aktivitet
Her fører ein årstimar til fysisk aktivitet gitt til elevane. Timar skal førast uavhengig av om dei er gitt av pedagogar eller andre. Timar til kroppsøving skal ikkje førast her.
Elevar og elevane sine veketimar til gratis leksehjelp på 1.-10. årssteg
Her fører ein talet på påmelde elevar til leksehjelpsordninga, og talet på timar som kvar elev på kvart årstrinn får tilbod om. Kommunen skal tilby elevar i grunnskolen gratis leksehjelp. Til saman skal elevane ha fått tilbod om 8 timar leksehjelp på 1.-10. trinn.

Timar til leksehjelp skal ikkje teljast i ramme A linje 15 eller i ramme B
6. Talet på elevar som deltek i ordninga med leksehjelp, jf. opplæringslova § 13-7a og friskolelova § 7-1e

Her fører ein talet på elevar per årsteg som deltek i leksehjelpsordninga. Registrer talet på elevar som er påmelde til ordninga. Viss det ikkje blir operert med påmeldningar, prøv å telje talet på elevar som kjem innom leksehjelpa, eventuelt kom med eit overslag.

7. Talet på timar leksehjelp som elevane får tilbod om per veke

Her fyller ein ut talet på timar leksehjelp i veka som ein elev blir tilbydd på kvart årstrinn. Det er skolens tilbod til elevane som skal førast, også i dei tilfella der det ikkje er elevar som har teke imot tilbodet, eller det ikkje er elevar på trinnet.

For timetal blir desimalar under 0,50, for eksempel 0,33, runda nedover. Dette kan føre til ein time for lite for nokre skoler. Dersom skolen får feil tal på grunn av desimalen, kan det i staden førast ein heil time meir på eitt av trinna, slik at det totale timetilbodet blir korrekt.

I. Diverse
Skyss

Opplysningar om skoleskyss skal berre fyllast ut av skolane.

1. Kor mange elevar får skyss heile eller delar av skoleåret? (Både elevar med rett og eventuelt andre elevar kommunen har valt å tilby skyss).
Her fører ein talet på elevar som får skyss. Både elevar med rett til skyss og eventuelt andre elevar skolen har valt å tilby skyss. Elevane skal førast uansett om dei får skyss heile eller delar av skoleåret.

Omdisponering av timetal (25 % -regelen)
Linje 2. - 3.

For enkeltelevar kan skoleeigaren omdisponere inntil 25 prosent av timane som er fastsette i det enkelte faget når det er grunn til å gå ut frå at dette vil kunne føre til betre måloppnåing i faga samla sett for eleven. I linje 2 og 3 fører ein opp talet på elevar som har fått omdisponert timar, på barne- og ungdomstrinnet.

Slik omdisponering av timar må ikkje blandast saman med spesialundervisning, utplasseringar og "alternative" undervisningsopplegg som fell utanom formålet og krava som ligg i ordninga, jf. Rundskriv Udir-1-2019 (Om fag- og timefordelinga i grunnopplæringa).

Elevar på ungdomssteget som tek fag frå vidaregåande opplæring
 
4. Elevar som tek fag frå vidaregåande opplæring i staden for valfag (henta frå G18)
Gir ei oversikt over kor mange elevar som tek fag frå vidaregåande i staden for valfag. Desse bruker valfagstimane til å ta fag frå vidaregåande opplæring i staden for å ta eit av dei 15 ordinære valfaga.
5. Elevar som tek fag frå vidaregåande opplæring, jf. forskrift til opplæringslova § 1-15, men følgjer ordinær opplæring i valfag (elevar som er talde med i linje G18, skal ikkje takast med i linje I05 i tillegg)

Elevar som tek fag frå vidaregåande opplæring, har tre moglegheiter til å hente timar. Den eine moglegheita er å bruke timane til valfag, den andre er å bruke timar frå faget utdanningsval og den tredje er fritake frå timane i same fag på trinnet (til dømes elevar som er friteken frå matematikktimane ved 10. trinn, dersom dei tek matematikk på vidaregåande). Mange vil bruke moglegheitene i kombinasjon.

Her skal skolen føre elevar som ikkje benyttar valfagstimane til å til å ta fag frå vidaregåande. Det vil seie at dei følgjer ordinær opplæring i valfag, og tek eit av dei 15 valfaga i tillegg til fag frå vidaregåande opplæring.

Elevar som bruker timar til valfag til å ta fag frå vidaregåande, skal ikkje registrerast her, dei skal registrerast i G18.

I06. skal vise summen av elevar som tek fag frå vidaregåande. Pass derfor på at elevar som tek fag frå vidaregåande, ikkje blir talde dobbelt.

6. Sum elevar på ungdomstrinnet som tek fag frå videregåande opplæring (linje 18..5)
Ny veiledning
Leirskole
 Ein elev kan kun registreras maksimalt 1 gang i løpet av sine 10 år i grunnskolen.

Her skal det registrerast talet på elevar som har vore på, eller skal på leirskoleopphald, som fyller krava i tilskotsordninga for leirskoleopplæring.

Sjå informasjon om tilskot til leirskoleopplæring.

Tilskotsordninga definerer leirskole og leirskoleopplæring slik:

  • Leirskoleopplæring ved bemanna leirskole eller annan aktivitet som har minst tre overnattingar i samanheng. Med «annan aktivitet» er det her meint eksempelvis ekskursjonar eller turar som er ein del av grunnopplæringa.
  • Leirskoleopplæring må strekke seg over minimum 4 dagar, med undervisning i minimum 5,5 klokketimar per dag.
  • Det blir gitt tilskot til berre eitt leirskoleopphald per elev i løpet av 1. – 10. trinn i grunnskolen. Kvar elev skal derfor ikkje registrerast her meir ein gong i løpet av den 10-årige grunnopplæringa si. Dersom skolen har ekskursjonar, skoleturar eller leirskoledeltakingar for elevane i tillegg til dette, skal dette altså ikkje registrerast i GSI.
  • Det er ei eiga tilskotsordning for skuleturar til tidlegare konsentrasjonsleirar etter andre verdskrig. Eventuell elevdeltaking på slike turar for 8.-10. trinn skal ikkje registrerast i GSI.
Desse felta blir brukt for å berekna tilskot for leirskole.
7. Kor mange elevar har vore/skal på leirskole i løpet av hausten?
 
8. Kor mange elevar skal på leirskole i løpet av våren?
 
9. Kor mange elevar har vært på leirskole i løpet av våren (forrige skoleår)?
Elevar skal registrerast på årstrinnet dei gjekk på våren (førre skuleår), ikkje årstrinnet dei går på per 1. oktober.
J. SFO

Ramme J skal fyllast ut av skolar som har SFO-tilbod (skolen markerer "Ja" for om han har SFO-tilbod i bakgrunnsopplysningar, i ramma Generelt), eller av frittståande SFO som ikkje er underlagd skole.

Frittståande SFO'er som er registrerte i GSI, føreset ein avtale med kommunen.

Barn i ordninga
1. Talet på barn i SFO

Talet på barn i SFO skal fordelast på årstrinn. Det er berre barn på 1.-7. trinn som skal førast, jf. opplæringslova § 13-7.

Dersom elevar frå fleire skolar er samla til SFO ved ein felles skole, fører skolen med SFO-tilbodet alle elevane (både eigne og andre skolar sine elevar) i SFO-ramma. Skolen med SFO-tilbod må i tillegg føre opp kva for andre skolar han har SFO-elevar frå i merknadsrubrikken. Skolane som ikkje har SFO, registrerer heller ingen elevar i SFO-ramma (dei markerer "Nei" for om skolen har SFO-tilbod i ramma Generelt).

2. Av disse, kor mange med 100 % plass

Her oppgir ein talet på barn som har 100 % plass i SFO.

Foreldrebetaling
Her fører ein månadleg ordinær betaling i SFO for 20 og 10 veketimar. Dersom det ikkje blir operert med opphaldstid på 20 eller 10 veketimar, skal SFO-kalkulatoren brukast til å berekne opphaldspris for 20 og 10 veketimar basert på faktisk opphaldstid.
Linje 3. - 4.

Før opp betalingssats per månad per elev. Før opp ordinær sats utan nokon form for moderasjon. Dersom elevane må betale ekstra for mat, skal betalingssatsen førast opp utan betaling for mat. Dersom det ikkje blir operert med opphaldstid på 20 eller 10 veketimar, blir prisen berekna ved hjelp av SFO-kalkulatoren.

Er det eit tilbod på 15 timar i veka på SFO, blir formelen for å finne betalingssats for 20 timar følgjande: (Betalingssats / 15) * 20.

Dersom SFO ikkje opererer med redusert pris for redusert tid, skal same talet førast i J04  som vart ført i J03 . Dersom SFO opererer med ein årleg betalingssats, skal denne delast på det talet på månader betalinga gjeld for. Dersom den årlege betalingssatsen gir moglegheit til å bruke SFO 12 månader, skal ein dele den årlege betalingssatsen på 12. Dersom ho er open 10 månader, blir månadssatsen årleg betalingssats/10.

Rabattordningar
Linje 5. - 7.

Svar ja eller nei på om SFO bruker inntektsgraderte betalingssatsar. Inntektsgradert vil seie at betalingssatsane i SFO blir fastsette etter inntekta til foreldra.

Svar ja eller nei på om SFO har friplassar. Friplass vil seie ait ein elev får innvilga plass i SFO der ein er friteken frå foreldrebetaling.

Svar ja eller nei på om SFO har syskenmoderasjon på betalingssatsane. Syskenmoderasjon vil seie at foreldrebetalingssatsen blir redusert dersom ein har meir enn eitt barn i SFO.

K. Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT)
Organisering av PP-tenesta, jf. § 5-6 i opplæringslova
Kommunen opplyser om organiseringsforma for tenesta. Vertskommunar for interkommunale tenester med eige styre, oppgir samarbeidskommunar ved å velje dei frå lista nest i ramma.
Linje 1. - 4.
Kommunen opplyser om organiseringsform for tenesta. Vertskommunar for interkommunale tenester med eige styre, fører opp samarbeidskommunar ved å velje desse frå lista nedst i ramma.
Samordning med PPT i videregående opplæring
 
5. Samordna med PPT i vidaregåande opplæring
 
Stillingsgrupper og utdanningsbakgrunn i PP-tenesta, i stillingsprosent (1 årsverk =100)
Skal berre fyllast ut av dei som har svart ja i linje 1 eller 2.

Vertskommunar for interkommunale tenester rapporterer samla for heile tenesta.

Det er ikkje nødvendig å skilje mellom årsverk knytte til arbeidet med førskolebarn, grunnskoleelevar eller vaksne.

Linje 6. - 14.

Vertskommunar for interkommunale tenester rapporterer samla for heile tenesta.

Det er ikkje nødvendig å skilje mellom årsverk knytte til arbeidet med førskolebarn, grunnskoleelevar eller vaksne.

 
Andre kommunar som bruker PP-tenester frå denne eininga
Skal berre fyllast ut av dei som har svart ja i linje 2.

Her fører ein opp kva for kommunar som bruker PP-tenester frå denne kommunen.